onsdag 30. april 2008

REFLEKSJONSNOTAT 30/4- 08




Så var tida komen for å skrive det siste innlegget i bloggen. Skal sei dette skuleåret har gått fort! Det er no litt vemodig òg, synest eg. Og litt rart tenkje på at eg er blitt så fortruleg med å bruke dette verktyet! :) I byrjinga såg eg vel kanskje litt ”svart” på dette med blogging.


Det var heilt nytt for meg, og det var så mykje nytt å setje seg inn i, at eg følte det gjekk ut over konsentrasjonen i sjølve faget i byrjinga. Og det tok tid! Tid tar det for så vidt enno, men det har vore ein heilt fantastisk måte å lære på! Dette med å vere ”kritisk ven”, og lese medstudentane sine bloggar har og vore utruleg lærerikt. (Dei fleste av oss kunne nok vore flinkare til kommentere andre, men for min del har det stått på tid og prioriteringar). Trur aldri eg hadde fått så mykje med meg om eg berre skulle følgt forelesingane og lese for meg sjølv.


Me har hatt dyktige lærarar i faget pedagogikk. Birgit er den me har hatt mest, og ho har vore ei stor motivator og inspirasjonskjelde for meg. Det har til tider vore store arbeidsmengder for oss studentar, men samstundes har Birgit hatt ein kjempejobb med å følgje opp det arbeidet me har gjort, noko ho har gjort på ein framifrå måte! Eg har lært mykje om kor viktig det er å variere undervisninga, korleis ein kan variere undervisninga, og ikkje minst kor viktig det er å vere engasjert! God planlegging er og kjempeviktig for å få til ei god undervisning. Eg suger alt til meg som ein svamp, og vonar eg klarar å ta det med meg vidare når eg ein dag skal ut og undervise.!


Eg synest pedagogikk har vore det absolutt kjekkaste faget i dette skuleåret. Det var heilt nytt for meg, men eg likte det med ein gong! Eg trudde kanskje det ville bli eit tungt og tørt fag, men det har vore stikk motsett - utruleg spennande og interessant! Det er i dette faget eg føler at eg har lært mest. Me ha jo teke for oss ein mengde tema i dette faget, men det som er så kjekt å sjå no mot slutten, er korleis alt heng i saman, som eit kjede! Frå samarbeid/kommunikasjon, læraren sine mange oppgåver, observasjon, å leia basisgruppa, pedagogisk grunnsyn, planlegging, ulike IKT program , born og nye media, motivasjon, sjølvbilete, spes. ped, yrkesetikk, tilpassa opplæring og til rettleiing/vurdering.


Før eg byrja i haust hadde eg aldri tenkt over at det var noko som heitte pedagogisk grunnsyn. Og eg føler at det har teke litt tid før eg kunne seie noko om mitt eige syn. Det kjem seg av at i byrjinga var det så mange teoriar å setje seg inn i. Dernest var det at eg vart litt forvirra, for eg kunne då ikkje halde med berre ein teori? Eg synest jo at det var noko ”godt” i fleire teoriar. Sidan, og spesielt den siste tida, etter oppgåveskriving og revidering av desse, føler eg at eg endeleg kan sei noko om mitt pedagogiske grunnsyn.


Eg har innsett at det ikkje er nokon teori som er den ”absolutt riktige”. Kva teori som er ”gjeldande” har endra seg opp gjennom tidene, parallelt med nye læreplanar og ”trendar” i samfunnet. Det har vel alltid vore ”usemje” om dei ulike teoriane, og diskusjonar om korleis barn lærer best. Alle menneske er ulike, både barn og vaksne. Også lærarar og pedagogar. Derfor vil det alltid vere varierte meiningar i pedagogikken, som i alt anna i samfunnet.


Eg har funnet ut, som eg nett har skrevet i matte/ped oppgåva, at mitt pedagogiske grunnsyn heller mot sosiokulturell - konstruktivistisk- og kognitiv retning. Eg har ”sansen” for teoriane til dei fire teoretikarane eg har teke med i oppgåva, som er Vygotsky, Bandura, Dewey og Piaget. I nokre fag og samanhenger/situasjonar, og for nokre elevar, meiner eg kanskje at den eine teorien høver best, medan ved andre høve er det ein av dei andre som er mest aktuell. Men ofte er det ei kombinasjon av desse som høver best til korleis eg meiner barn lærer best. Litt frå her og litt frå der. Eg meiner til dømes at den sosiokulturelle teorien med vekt på språk, kommunikasjon, aktivitet og samhandling med andre, er den teorien eg byggjer mitt pedagogiske grunnsyn på. Samstundes er det element både frå den konstruktivistiske og den kognitive teorien som eg meiner er verdfulle å ta med i det pedagogsike arbeidet. Men eg ser jo at dette kan ”justere” seg etter kvart som eg får meir erfaring og praksis. Me har jo hatt om andre pedagogar og teoretikarar og, og seier ikkje at dei har ”feil”.


Eg er så gamal at då eg gjekk på skulen var det ikkje så vanleg med prosjektarbeid og gruppearbeid. Undersøkingslandskap og problemløysande metodar er jo nokså nytt, så det har eg aldri vore borti før no. Eg syntes dette nye var vanskeleg, eg var jo ikkje vande med det, og følte vel liten grad av meistring i desse metodane å jobbe på. Etter å ha delteke på førelesingar, i praksis, gjennom å lese i pensumbøker og skrive oppgåver, både individuelt og i grupper, ser eg jo at det kan vere ein god måte å lære på. Eg tenkjer mange gonger med meg sjølv; mon tru om eg hadde hatt eit ”betre forhold” til matematikkfaget dersom det hadde blitt undervist på andre måtar då eg var ung? Det er 27 år sidan eg hadde matematikk sist, og som de skjønar så er eg ikkje så ”fortruleg” med matematikken, sjølv om eg skulle ønskje det ikkje var slik.


Det som eg synest har vore det absolutt kjekkaste gjennom heile dette skuleåret, er å vere ute i praksis. Eg synest me som lærarstudentar skulle hatt meir praksis. Me lærer så utruleg mykje, og det er i praksis me verkeleg får sjå korleis det er å vere lærar, på godt og vondt. Då får me sjå om det er dette me verkeleg har lyst å arbeide med. Eg for min del fekk forsterka mitt ønskje om å bli lærar etter eg hadde vore i praksis. (Eg gler meg allereie til neste gong me skal i praksis!).


Eg trivst godt i lag med elevane i klasserommet, og likte og undervise. Eg har tidlegare hatt eit arbeid der eg arbeidde med menneske, og det har eg fortsett lyst å ha. Det er sjølvsagt mykje ein må ta omsyn til når ein underviser, og noko av det viktigaste er å ha engasjement og verkeleg bry seg om elevane. Det å:
- sjå kvar einskild elev, sørgje for å skape tryggleik og trivnad
- kunne motivere dei og fremje læring, vere positiv og kreativ
- kunne variere og tilpasse undervisninga for kvar elev,
- halde seg oppdatert fagleg,
- ha evne til samarbeid med elev, føresette, kollegaer, skuleleiing og dei ein elles har kontakt med i yrket,
- kunne planleggje og vurdere/evaluere undervisning og læring
- vere ein god arbeidsleiar og rollemodell, tydeleg og strukturert



Eg syntest eg utvikla meg mykje frå den første til den siste praksisperioden. I byrjinga var eg veldig usikker, og redd for å gjere feil. Etter kvart såg eg at det å gjere feil ikkje betydde så mykje, det var då eg lærte mest. Eg følte meg etter kvart tryggare i mi rolle som lærar. Å vere tydeleg ”vaksen” var ikkje så vanskeleg, då eg var det bokstaveleg tala ;). Men det å vere konsekvent og bli flinkare til å få ro i klassen, var nokre av dei tinga eg måtte jobbe litt med. Det kom seg etter kvart det og.

Eg fekk god tilbakemelding på at eg var flink å sjå elevane og hadde god kontakt med dei, og at eg var trygg og tydeleg i lærarrolla. Det synest eg var positivt. Elles merka eg at det å planleggje godt, hadde mykje å sei for korleis undervisninga gjekk. Vurderinga eg fekk frå øvingslærar var god, han meinte eg ville eigne meg godt som lærar. Så då får eg berre vone at han har rett! Eg føler meg i alle fall trygg på at eg ønskjer å arbeide som lærar, så får eg vone at eg klarar å fylle alle dei krava og oppgåvene ein lærar har, slik at læringsutbytte og trivnaden til elevane vert best mogleg!


Samarbeidet med praksisgruppa har vore ei god og lærerik erfaring. Eg synest me har fungert godt ilag. Eg har erfart at ein lærer mykje av det å samarbeide i grupper, og det gjeld generelt om alt gruppearbeidet me har hatt i år. Det har vore berikane og lærerikt.


Samarbeidet med øvingslærar og teamet på praksisskulen har og vore veldig godt. Me har følt oss velkommen og godt ivareteken, og synest dei har gjeve oss god støtte og hjelp undervegs i læringsprosessen. Så takk til dei!




Til slutt vil eg berre takke alle mine medstudentar og lærarar for godt samarbeid og all støtte og hjelp gjennom dette skuleåret. Det har vore eit kjekt år som har gjeve meg mykje lærdom, nokre gråe hår, mange gode og nyttige erfaringar og mange nye vener! Eg gler meg til fortsettinga! God sommar til alle!! :)

søndag 27. april 2008

Dei stille barna...


Eg var inne på NRK nett og såg programmet om dei stille barna. Det gjorde inntrykk på meg, for det er sant som dei sa at det er eit forsømt område i skulen og eit stort problem. Skilnaden er at dei innagerande berre skapar trøbbel for seg sjølv, medan dei utagerande skapar trøbbel for alle rundt seg, og dermed vert det fortare/lettare gjort noko med. Men det å vere stille vert eit problem når dei trekkjer seg tilbake i sosiale samanhenger, og det hindrar dei i å etablere vennskap fordi dei trur at ingen vil vere ilag med dei. Dei får så mange vonde kjensler og dei gruer seg til kvar time og kvart friminutt. All gruinga blir til hinder for å lære. Det er jo heilt forferdeleg!
Det har vore mykje fokus på dette med mobbing dei siste åra. Eg trur nok at det kan ha hjelpt noko, men er langt i frå overbevist om at me har fått bukt med mobbinga i norske skular. Me høyrde i programmet at stillheita kan ha fleire årsaker. Mange av desse stille barna vert mobba. Andre har psykiske problem eller problem i heimen. Nokre er berre stille av natur. Uansett er det viktig at me som lærar opprettar kontakt med desse barna, og gir dei TID. Me må vise at me bryr oss. Når kontakten er etablert kan me komme vidare inn på kva som er sjølve problemet.
God dialog med heimen er og viktig for å avdekke problemet og sørgje for at dei barna som treng det, får hjelp. Me må spele på lag med heimen for å styrke sjølvfølelsen og sjølvtilliten til desse barna, og det kan me gjere ved å gi dei tid, og vise at me bryr oss og ønskjer å vere ilag med dei! Dette med å vise omsorg og å sjå kvar einskild elev hadde faktisk me som første yrkesetiske bod for lærare. Og det er eit kjempeviktig bod! Lurer berre på om me klarer å gjennomføre det i praksis når me kjem ut i jobb? Har me TID? i ein travel kvardag?

Måndag 14. April – Frukost på ”Børtveit skule”





Dette var ein kjekk vri på eksamensførebuing!! Kjempekoselig med felles frukost. Det mangla ikkje på godt brød og pålegg, frukt og drikke, så her var det berre til å lange inn! Lurt å organisere det slik at me fekk liste over kva einskild skulle ta med seg.


Må si at Birgit er kreativ og flink når det gjeld å variere opplegget. Ho praktiserer teorien i praksis, så her må me berre suge til oss! Trur ikkje eg har hatt ein lærar som er så engasjert, kreativ og flink til å variere undervisninga :)


Etter frukosten bar det i veg til 104 for å sjå alle dei samansette tekstane. Det var utruleg kjekt å sjå dei andre gruppene sine resultat, må sei det vart eit knippe med svært varierte tekstar! Ein får ein del idear av å sjå andre sitt arbeid, og ein lærer nye måtar å sjå og gjere ting på. Det har eg sett fleire gonger dette skuleåret. Eg og Geir Martin var rimeleg nøgd med vårt arbeid i dette samarbeidet. Me hadde ikkje fått tid til å gjere noko med dei påpeika endringane som kunne gjerast med teksten for å gjere den betre, men me får prøve å få det gjort før mappeinnleveringa! :)



Dette var siste økt med pedagogikk for for no. Det har vore eit lærerikt år, og eg synest spesielt dette med å blogge har vore lærerikt. Det var heilt nytt for meg, men eg trur nok eg har lært mykje meir enn om eg berre skulle fulgt førelesningane for så å lese sjølv. Ein får sjanse til å la lærdomen synka inn, og skrive litt om dei ulike tema. Det gjer det lettare å hugse det me har vore gjennom. Det å lese andre sine bloggar er og noko ein lærer mykje av. Då får ein sjå kva medstudentene legg vekt på i sine tankar og refleksjonar, og kanskje får ein nokre aha- opplevelsar. Ein les om ting ein kanskje ikkje har tenkt på sjølv, ting ein ikkje har fått med seg som viktig. Dermed får ein utvida horisonten endå litt.

mandag 7. april 2008

Vurdering og veiledning 7. april 2008



No må eg ha ein pause i matte/ped oppgåva, så no får eg ta for meg litt i bloggen!



I denne økta hadde me om veiledning og vurdering, to viktige pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremje læring, utvikling og vekst. No vel eg å bruke det same uttrykket som Åshild, nemleg veiledning (ikkje rettleiing), då eg synest veiledning seier meir enn rettleiing.

For å byrje med veiledning; kva er veiledning og kva går det eigentleg ut på i pedagogisk samanheng?

Som lærar skal eg kunne veilede elevvane mine på ein god måte for å fremje læring. Dette krev ein god munnleg dialog. Det er då viktig med eit godt tillitsforhold mellom meg og eleven, der me er likeverdige som personar, men der eg framstår som den meir kompetente andre, den med mest fagkunnskap (asymmetrisk relasjon). For å oppnå dette må eg kjenne eleven godt, og eleven må kjenne tryggleik.

Som veileder må eg kunne stille dei gode spørsmåla, gje råd, korrigere og vere utforskande saman med den som vert veileda. Eg må unngå ord som ”alltid” og ”aldri”. Eleven må få tilbakemelding på både det som er bra, og det som kan bli betre. Det som kan bli betre, må leggjast fram på ein positiv måte. (Ein må ikkje gi ros i ”hytt og vær”, det vil verke mot sin hensikt, men være ekte i sin tilbakemeld.). Derfor må det alltid fokuserast på det positive, samstundes som tilbakemeldinga må vere konkret, sakleg og konstruktiv. Dette for at eleven skal kunne setje seg konkrete mål og sjå konkret kva han må jobbe med for å nå måla. Derfor må eg som veileder òg kunne vise empati og motivere eleven til å nå måla sine, og sørgje for at måla ikkje er urealistiske i høve eleven sitt nivå (jmf meistring og tilpassa opplæring). Det er viktig å hugse på at eg ikkje må samanlikne elevane med kvarandre. Kvar elev må veiledast og vurderast individuelt. Veiledning kan òg gå på andre ting enn akkurat det faglege, som t.d
sosiale ting som trivnad og miljø. Det er viktig å sjå heile mennesket!

I pedagogisk samanheng er målet med vurdering å gi informasjon. Denne informasjonen kan virke som ein ytre motivasjon, og ein spore til auka innsats. Den kan og virke demotiverande dersom den vert gjeven på feil måte. Det skiljast mellom summativ vurdering og formativ vurdering. Summativ vurdering vert ofte gjeven ved slutten av utdanninga eller kurset (karakterar), dvs at ein vurderer ein elev sin kompetanse på eit gitt tidspunkt (vurdering av læring). Formativ vurdering er vurdering som vert gitt undervegs, og har som mål å vidareutvikle eleven sin læring (vurdering for læring) (Wittek, 2006).

Det er fleire viktige aspekter ved vurdering, og eg vil berre kort nemne dei her; 1.Veiledning fremje motivasjon, læring osb), 2. bedømming (info til elev og føresette, karaktersetting), 3. informasjon (samf,, arb. gjevar, skular osb) 4. skulevurdering (kvalitetssikring av læringsarena, kartlegging) og 5. seleksjon/utvelging (grunnlag for inntak til videreg./høgskule). Sjølvvurdering er ei òg viktig faktor, og det er trong for elevmedverknad på alle trinn, fordi det er med på å auke eleven sitt læringsutbytte.

I samband med LK-06 er det kommen mange nye ord og formuleringar, me snakkar om eit nytt vurderingsspråk. Tradisjonelt har vurderinga i norske skular vore summativ, men no går det meir over til ein formativ vurderingsform. Det vil sei at me går frå vurdering av læring til vurdering for læring. Det vert og lagt større vekt på eigenvurdering, dvs større grad av elevmedverknad. Noko som er viktig å merka seg i samband med vurdering og tilpassa opplæring, er at alle elevar skal vurderast etter same kompetansemål, dvs at det er ikkje lov å krevje mindre av dei med lave føresetnadar… Noko å tenkje på?

Til slutt nokre ord om gruppearbeidet denne gongen. Eg synest det var ei kjekk oppgåve me fekk, der me skulle prøve oss på å gje ei vurdering. Det er ikkje lett, i alle fall ikkje når ein er fersk. Eg trur det er noko som ”går seg til” etter kvart som ein får meir erfaring. Men sjølv røynde lærarar må av og til spørje kollegaer om ein ”second opinion”. :) Det er uansett kjekt og nyttig at me får prøve oss litt i dette, skulle gjerne hatt litt av det før me var i praksis, for då måtte me gje tilbakemelding på arbeidet elevane gjorde. Det hadde vore greitt å hatt litt kjennskap til dette emnet før me måtte gjere det i ”røynda” :)


Tilpassa opplæring 31. mars -08

"Alle kan lære alt" - sa J. A Comenius på 1600- talet!
Han var den første som brakte på banen tanken om tilpassa opplæring, og den skulle gjelde for alle!

Som lærar har ein fleire styringsdokument å halde seg til i skulen; Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova og Kunnskapsløftet 06. I følgje Opplæringslova har alle rett til tilpassa opplæring i Noreg. Denne retten blei lovfesta i 1998. Tilpassa opplæring er noko som gjeld for alle, og må ikkje forvekslast med spesialundervisning.

Spesialundervisning er og lovfesta i opplæringslova, og vil sei ei undervisning som skal sikre at personar som har ein eller annan form for funksjonssvikt, får ein tilpassa og likeverdig opplæring. Det må "liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven", står det å lese i lova.

Tilpassa opplæring vil sei at den einskilde elev har rett til ein god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde elev sine evner og føresetnader. I følgje LK06 skal undervisninga ikkje berre tilpassast fag og stoff, men og til alderstrinn og utviklingsnivå. Undervisninga skal tilpassast den einskilde elev og den samansette klassen.

Dette kan vere ein stor utfordring for dagens skular og lærarar! Ofte er det 1 lærar i klassar med 25- 30 elevar, og det seier seg sjølv at det kan vere vanskeleg å tilpasse opplæringa til den einskilde. Dette sett store krav til læraren, både fagleg og pedagogisk. Det set krav om at læraren kan sine fag, men og at han har evna til å differensiere lærestoffet og variere arbeidsmåtane og organiseringa. I LK06 er det definert kompetansemål som seier kva eleven skal kunne. Desse måla må brytast ned og formulerast slik at elevane veit når dei har nådd målet. Det må utarbeidast kjenneteikn på måloppnåing, og det krev at læraren har god fagleg kunnskap. Han må kunne skilja mellom måloppnåing på høgt og lågt nivå.

På Langeland skule har dei byrja med noko som heiter IUP (Individuell Utviklings Plan). Det syntest eg verka interessant, og eg synest det verkar som ein fin måte å tilpasse opplæringa på.
Har teke med eit lite utdrag som eg fann på skulen sin heimeside: (http://skule.stord.kommune.no/langeland/iup.htm )
"Ord og uttrykk knytt til IUP:
Mentorsamtale
- Regelbunden samtale mellom elev og kontaktlærar
Stegark
- Konkrete mål og kriteria for måloppnåing
Planleggingsbok
- Her skriv elevane sine mål som dei skal jobba mot.
Portefølje
- Eleven sin skryteperm ( best off )"


Redigert 28/4 -08:
Ein annan måte ein kan få til tilpassa opplæring i praksis, er å bruke individuelle arbeidsplanar. Det tok me i bruk då me var i praksis i samband med eit tema me hadde om. Då laga me arbeidsplanar som elevane jobba med individuelt, gjerne kombinert med stasjonsarbeid og gruppearbeid (arbeidsplanen blei på ein måte ein "stasjon"). Arbeidsplanar kan då innehelde varierte oppgåver av lett – middels – vanskeleg art. Mengda oppgåver kan òg varierast, slik at dei som jobbar raskt og lett har nok oppgåver, og dei som jobbar "seinare" og treng meir tid ikkje får for mange oppgåver.

Det er like viktig å gje dei ”flinke” elevane utfordringar, slik at dei kan utvikla seg vidare, som å gje dei ”svake” elevane oppgåver som kan gi dei meistringsfølelse!

Det spirer og gror av nytt liv blandt visne kvister frå i fjor!



Bildet tok eg på tur i Hystadmarka første helga i april, og motivet fekk meg til å tenkja på at uansett kor mykje eg stressar og kavar, så går tida sin gang! No er våren i anmarsj, og det er lengre dagar. På tide å komme seg ut av stolen og ut i naturen, og nyte det som skjer!

Kari :-)

søndag 30. mars 2008

Yrkesetisk seminar 26- 28 mars -08

Først vil eg sei at etikk generelt er eit interessant, og alltid like aktuelt tema. Det er noko ein kjem borti ved mange høve i livet. Når det gjeld yrkesetikk, er eg kjent med omgrepet frå den tida eg jobba i helsevesenet. Til dømes det med teiingsplikt er noko som er særs relevant, både innafor læraryrket og ulike yrke innan helsevesenet. Teiingsplikta er ikkje berre lovpålagt, men har og stor betyding for å oppretthalde tillit.

I denne økta hadde me om yrkesetikk innafor læraryrket spesielt. Som lærar kjem ein i kontakt med både born og vaksne, og ofte møter me menneske som er i krise eller i ein konfliktsituasjon. Det kan ofte føre til at me kjem opp i ulike etiske dilemma. Me må då vise skjønn og evne til å handle moralsk og etisk riktig ut i frå det som vert forventa av oss som lærar og omsorgsperson. Me må alltid hugse å setje eleven i sentrum, og me må handle til beste for han/ho.

Som lærar har me òg mykje ansvar og stor makt. Det er viktig at me brukar makta vår fornuftig og i tråd med både skrivne og uskrivne lovar og reglar, og i tråd med etiske verdiar og normer. Det er ofte ein fin balansegang her, som ikkje alltid er like lett å handtere. Som lærar har me ikkje berre teiingsplikt, men og opplysningsplikt, og det er like viktig at me er klar over kor tid den skal brukast (til dømes ved alvorleg omsorgsvikt eller mishandling). Det finnast unntak frå teieplikta dersom personen det gjeld gir fritak, eller i saker der det er snakk om straffbare tilhøve.

Desse tre dagane med yrkesetisk seminar var både interessante og lærerike. Det var veldig kjekt å jobbe i litt andre grupper på tvers av klassane. Ein vert betre kjent med dei i den andre klassen, og får litt nye innspel. Me i gruppa laga våre eigne 10 yrkesetiske bod for lærare. Dei må me prøva å leve opp til! :) Elles jobba me med fire ulike case- tilfelle der me skulle definere det grunnleggjande problemet, få fram ulike handlingsalternativ, og til slutt gjere ein konsekvensetisk- og pliktetisk analyse. Siste dagen skulle me framføre casene våre for dei andre gruppene munnleg. Det vart livlege diskusjonar, og eg følte at eg fekk mykje ut av denne måten å jobbe på.

Om eg har fått med meg det vesentlige her, kan me sei at i konsekvensetikk er det konsekvensen eller resultatet av handlinga som er det viktigaste. Er resultatet godt, er handlinga god. I pliktetikken tek ein utgangspunkt i dei lover, regler eller normer som gjeld, og det er dei som er det viktigaste, (det som er rett i seg sjølv) utan omsyn til kva konsekvensen vert.
Det blei litt langt dette, men eg kunne eigentleg skrive mykje meir. Det får eg spare til etikk- oppgåva som skal inn på torsdag :)

SVAR PÅ KOMMENTARER OM YRKESETISKE BOD FOR LÆRARE:

Først vil eg takke for kommentarene :) Eg trur eg vel å kommentere kommentarene ved å leggje ut dei 10 boda me kom fram til. Det vart sjølvsagt litt diskusjon før me kom fram til dei boda me ville ha, men me var i grunnen ganske einige om kva som er viktig. Vonar de får svar på det de spør om her:)

10 yrkesetiske bod for lærare:
1. Læraren må være ein god klasseleiar, vise omsorg og å sjå kvar einskilde elev
- Skape interesse, tillit og tryggleik
2. Læraren må kunne leie læringsprosessen i tråd med gjeldande lovar og reglar
- Teieplikt, opplysningsplikt, tilpassa opplæring
3. Læraren må være ein god arbeidsleiar og ein god rollemodell/forbilde
- Komme presis, være godt forberedt, skape ro, ”alltid på jobb”
4. Læraren må ha evne til å kommunisere og samarbeide
- Med elevane, føresette og kollegaer
5. Læraren må ha evne til å kunne gi og ta imot konstruktiv tilbakemelding
6. Læraren må ha evne til å takle endringar og uførutsette hendingar
- Ingen dag er lik, gode planar må kanskje endrast undervegs, døme: ”episodar frå friminutt"
7. Læraren må ha god fagleg kompetanse
8. Læraren må være kreativ og tenkje positivt
- Variasjon og differensiering
9. Læraren må ha god sjølvinnsikt
- Sjå seg sjølv med andre sine auger
10. Læraren må alltid kunne sjå potensialet hos seg sjølv og andre
- Alle har utviklingspotensiale og positive sider – ulike ”intelligenser”.

Engasjement ser me på som den viktigaste evna for ein god lærar, og kjem som eit underpunkt for alle boda. Etisk refleksjon over læraren si rolle botnar heilt klart i fleire ulike etiske teoriar, yrkesetikken handlar kanskje mest av alt om å utøve skjønn.

Praksisperiode 3; veke 9, 10 og 11 2008

Då var me ferdige med praksis for denne gong, og skal ikkje ut igjen før "neste" skuleår! Altfor lenge til!!

Målet mitt for denne perioden var å bli flinkare til å få ro i klassen, og få til god oppstart og avslutning av timen.

Eg valde dette målet fordi det var ein av dei tinga som Martin (øvingslærar) peika på at eg kunne bli flinkare til under evalueringa etter førre praksisperiode. Då me hadde evaluering etter denne praksisperioden, var dette framleis ein ting eg kunne jobbe meir med. Så eg må vel berre sei at eg ikkje klarte å nå målet mitt heilt for denne perioden, sjølv om eg kanskje var blitt litt flinkare enn sist.

Eg tenkjer meg at dette då framleis må vere eitt av mine mål neste gong me skal ut i praksis.

Det har vore utruleg kjekt å vere i praksis og eg føler eg har lært utruleg mykje. Desse vekene har òg overbevist meg om at eg har valt rett utdanning. Eg har lyst til å bli lærar. Eg har storkost meg ilag med elevane i klassen, og føler at eg fekk god kontakt med dei. Det kjennest meiningsfullt å stå framfor ein klasse å undervise. Samstundes kan det vere ei utfordring, og ingen dagar er heilt like. Det skjer stadig ting som ein må ta på strak arm, og ein kan ikkje tillate seg å ha ein ”dårleg dag”. Men slik er det i andre yrke og, sjølvsagt. Ein må vere profesjonell. I læraryrket må ein òg vere medmenneske og ein god pedagog. Det vert ein ikkje berre av å lese pedagogiske teoriar og gjere oppgåver innan pedagogikk, det treng ein praktisk trening i. Skulle ynskje me hadde mykje meir praksis enn det me har pr. i dag. Det er i praksis me verkeleg får øva oss, og lære å bli lærar!

Elles har me fått vere med på mykje kjekt i denne praksisperioden; rikskonsert, Solidaritetsdag og tur til gruvene på Litlabø. Solidaritetsdagen var til inntekt for ein barneheim i Afrika, og det var ein fryd å sjå ungane i ein annan setting enn i klasserommet, og den iveren dei viste for å vere med på å hjelpe andre barn. Då var det open dag på skulen for familie og vener, med sal av kaffi, mat og ulike varer. Det var og loddtrekking, utstilling og konsertar/framsyning i gymsalen.

Turen til gruvene på Litlabø var i samband med temaet i naturfag, som var ”Ei verd av stein”. Då fekk me omvising og informasjon om korleis det var der då gruvene var aktive. Det blei og tid til å ete nista og leika litt ute.

I tillegg fekk me vere med på oppstart av ”Leselyst prosjektet”, noko som var ein kjekk erfaring. Det å sjå korleis nokre vel ei bok ut frå om han ser interessant og kjekk ut, medan andre vel ei bok ut frå om han er kort og lettlest, visar kor ulike elevane er. Uansett måtte dei lese boka og svare på spørsmål ut frå handlinga, så det var ikkje mogleg å ”juksa”. Det fine ved det er at det var delt opp i 4 ulike nivå, så alle elevane skulle oppleve meistring på sitt nivå.

Me fekk og vist fram resultata våre av dei samansette tekstane me jobba med før me gjekk ut i praksis, og me hadde ei dramaframføring i KRL om undera, som me framførde for elevane.

Skulen hadde litt problem med elev- pc’ane, men me fekk brukt IKT som grunnleggjande dugleik i klassen siste veka me var i praksis. Me valde oss ut eit punkt som står oppført for 5. trinnet i IKT planen for Langeland skule, som seier at elevane skal;
- øve systematisk på tekstbehandling og skrivetempo.
Trinnet har ca 15 elev- pc’ar, så då delte me klassen i to. Dei som ikkje jobba på pc, heldt på med ”Leselyst prosjektet”. Opplegget fungerte fint, og det verka som elevane var interessert i, og hadde trong for, å lære ei anna bruk av pc enn å surfe på internett eller spele spel.

Som sagt; eg har storkost meg i praksis, og ser verkeleg fram til neste praksisperiode. Det var trist å ta farvel med elevane, og det verka som dei syntes det same. Dei hadde lyst at me skulle kome tilbake til dei! Det tek eg som eit teikn på at dei har likt å ha oss der!

Praksiserfaringar frå observasjonspraksis veke 38 -07

(Skulle vore som innlegg nr 6 i 2007- vart gløymt, men no er det komen med! :))

Nokre tankar om korleis elevane sit i klasserommet:
Nokre elevar sit med ryggen inn mot klasserommet og ansiktet ut vindauga. Når lærar underviser/snakkar, må dei vri seg i stolane for å kunne sjå på han/ho. Det skjer store delar av dagen. Dei må og vri seg for å sjå kva som blir skrive på tavla. Eg tykkjer dette fører til uheldige og belastande sitje stillingar for elevane, noko som er ubehageleg og som ein bør unngå. Tenk ergonomi!

Nokre elevar sit heilt i veggen på same vegg som tavla er plassert. Det førar til at dei ikkje kan lesa det som blir skrive på tavla. Dei må då trekke pult og stol lenger bak i klasserommet, noko som fører til unødig støy og forstyrring i undervisninga. Det er og sløsing med tid.

Eg forstår at organiseringa er gjort med hensikt for å skilje dei som er urolege, og for å hindre at einskilde elevar får blikk kontakt. Men eg meiner det kunne vore gjort nokre enkle grep for å unngå dei uheldige sitje stillingane. For dei som sit med ryggen til lærar/klassen, kunne ein sett stolen på andre sida av pulten og skjøvet pulten litt lenger inn i rommet. For å hindre blikk kontakt måtte ein evt flytta på nokre elevar. For dei som sit heilt i veggen kunne ein trekt pultane litt lenger bak i rommet og latt dei stå der. Me diskuterer dette med Martin, og han er heilt enig. Dei har som politikk på Langeland skule at dei helst ikkje skal organiser klasserommet etter”buss” prinsippet. I alle klassar er det rolege og urolege elevar, så eg forstår at det ikkje alltid er like enkelt å finne ein måte som fungerer.

Kva tanker sit eg igjen med, og kva har eg lært i observasjonspraksis?

Dette var siste dag i praksis i denne omgong. Veka har gått utruleg fort og me har fått mange nye inntrykk. Eg trur dei fleste studentane gler seg til å komma tilbake, i alle fall gjer eg det! Me er blitt veldig godt motteke og har fått eit godt inntrykk av skule, elevar og lærarar.

Det har vore artig å sjå korleis lærarane jobbar i klassen. Ein ser så mange døme på dette som me har hatt om i teori; alle oppgåvene ein lærar har. Ein lærar skal sjå alle elevane, vere ein vaksen rollemodell som skal læra borna noko, samstundes som han må vera ein omsorgsperson og ein oppdragar. Dette har me no fått sjå i praksis i klasserommet, og det verkar som det glir naturleg, og heile tida glir inn i kvarandre. Som døme kan eg nemna: To gutar hadde vore stygge med ei jente i friminuttet. Jenta grein, og læraren måtte trøyste. Han måtte også ta dei to gutane til sides og snakka med dei. Deretter tok han temaet opp i plenum i klassen;, om korleis me skal vera mot kvarandre.

Eit anna døme er korleis læraren får alle elevane til å skjøna noko i matematikk eller eit anna fag. Dei skal læra noko, samstundes som han skal halda ro i klassen. Så er det den gongen ein elev strakk handa i veret og fortalde klassen at han har fått eit stereoanlegg av storebror sin. Han berre måtte fortelje det… Ein annan elev vil ikkje delta i det læraren seier dei skal, han verkar lei seg eller nedfor, og læraren må ta seg av han og. Det har vore utallege små og store hendingar i klasserommet denne veka som viser at ein lærar har mange roller og oppgåver i kvardagen som han må takle. Og det beste er at det verkar som det stort sett går greitt… Men eg ser og at det kan vere ein utfordring av og til. Det er ikkje alltid like lett å sjå dei elevane som er stille og roleg, når ein har fleire ”urokråker” i klassen…

Eg trur at desse rollene ein lærar må ha, kjem med erfaring. Ein må sjølvsagt ha det i bakhovudet heile tida, og som ny lærar tenkjer ein gjerne meir på det, men etter kvart som ein får erfaring blir det ein naturleg del av det å vera lærar. Eg vonar eg vil klare å fylle alle desse rollene på ein god måte…

Eg har og merka meg at kvar lærar har sin måte å undervisa på, og at det er mange ulike måter ein kan gjere ting på. Ein kan bruka ulike metodar for å oppnå det same. Til dømes for å få ro i timen- ein kan bruka musikk (CD), ein kan synga, bruke teikn, telje, laga lyd med noko (t.d triangel, tromme ) m.m.

Har eg så nådd målet mitt for veka? Ja, eg kan vel sei det; eg kan (nesten) alle namna, og føler at eg har blitt kjend med lærarar og mange elevar. Eg har også blitt litt kjend med korleis skuledagen artar seg og kvar ulike rom befinn seg.

torsdag 14. februar 2008

Ynskjeøkt 11/2

Denne står for tur... må bli ein annan dag, no er det natt :)

Ja no har det gått mange dagar og netter sidan sist, så no har eg litt å ta igjen!

Ynskje økta 11. Februar tok for seg spesialundervisning, som og er ei form for tilpassa opplæring. Den gjeld elevar som har ei eller annan form for funksjonssvikt i høve til ”normalen”. Det kan vere ein elev som brukar rullestol, har syns- eller høyrselshemming, lese- og skrivevanskar eller ulike formar for kjenslemessige vanskar. Alle elevar har rett til eit miljø "som fremmer helse, trivsel og læring", heiter det i Opplæringslova. Det vil sei at skulen har eit ansvar for å ta vare på desse elevane på best mogleg måte, og då treng ein ofte lærarar med spesial kompetanse. Men det er og viktig at me som allmennlærar har kjennskap til dette feltet. Ofte kan me vere den som først merkar at det er noko som gjer at eleven treng tilpassa opplæring, og då er det viktig at me set i gong tiltak og eventuelt går vidare for å få hjelp i det arbeidet.

Me såg ein film om ein svensk lærar som var lærar i ein ”obs” klasse (finn ikkje igjen filmen, så eg får ikkje sett den om igjen). Men eg hugsar at eg tenkte at ”jammen blei han hiven rett ut i det, nyutdanna og alt. Stakkars mann!”. Og det var ikkje lett, han var nok kanskje litt for snill og tålmodig, og til tider litt inkonsekvent. Men han var engasjert og reflektert, og hadde eit sterkt ynskje om å lære dei noko. Og han hadde blikk for den einskilde elev, noko eg ser på som veldig viktig, ikkje berre når det gjeld tilpassa opplæring, men alltid.

Men sjølv om me som nyutdanna lærar hamnar i ein ”vanleg” klasse, kjem me heilt sikkert borti elevar som treng tilpassa opplæring, og då er det viktig at me har evna til å oppdage funksjonssvikt så tidleg som mogleg. Det er viktig å komme i gang med tiltak raskt for dei elevane det gjeld.

Det første eleven bør få gjort ved mistanke om lese- og skrivevanskar er å få sjekka synet! I følgje artikkelen om Marte som trener synet (ei av lenkene lagt ut under denne økta), visar ein norsk undersøking at 30 prosent av dei som har lese- og skrivevanskar, og har problem med synet. Tenk om ein elev som sliter med lesing og skriving faktisk får hjelp berre ved å bruke briller?!?

Dysleksi er noko dei aller fleste har høyrt om, men eit uttrykk som var nytt for meg er ”dyskalkuli”, som tyder matematikkvanskar. Her vil eleven ha vanskar med å forstå meininga bak tal og rekneoperasjonar. Som lærar er det viktig å fange opp slike vanskar så tidleg som råd. Ofte ser ein det ved at eleven ligg under det som er forventa ut frå aldersgruppa, og gjerne under det nivået eleven har elles.

Det er mykje å ”holde styr på”, og mykje ein som lærar må setje seg inn i. Men heldigvis finns det retningslinjer for ein ”vanleg” lærar å halda seg til, og det er ikkje meininga at han/ho skal ta seg av spesielle lærevanskar på eiga hand. Det læraren må gjere ved mistanke om lærevanskar, er å melde frå, og syta for at eleven får oppfølging frå spesialistar.

Inkluderande skule, tilpassa opplæring og integrering er mykje brukte ord i dagens skule. Men er integrering alltid til det beste for eleven? I ei av artiklane som er lagt ut i samband med denne økta, (”Integrering er ikkje alltid best”) seier forskaren Tor Inge Romøren at integreringa har vore for mykje prega av ideologi, og ikkje har hatt utgangspunkt i praktiske vurderingar. Då kan integrering av funksjonshemma føre til at dei vert mindre akseptert i samfunnet. Dette er eg einig i. Ein kan ikkje integrere for ein kvar pris. Det gjeld og i skulen. Det viktigaste er å ta omsyn til eleven, og kva som vil vere best for han/ho. Kanskje er det på tide å få tilbake nokre av dei såkalla ”obs” klassane, eller spesialklassane/spesialskolene for ulike funksjonshemmingar?
Det blei langt dette, men til slutt vil eg berre sei at eg synest denne økta var interessant og lærerik, og kven veit, kanskje er spesial pedagogikk neste steg å gå?

Sjølvbilete og utvikling av personlegdom

Det er ikkje tilfeldig korleis me er blitt. Me blir påverka av dei rundt oss frå me er små. Både heim, barnehage og skule har noko å seie for korleis me utviklar oss. Utviklinga av ”sjølvet” er ein gradvis prosess som skjer i samhandling med andre, og er ikkje ein medfødt eigenskap iflg. pedagogen George H. Mead. Det er eg einig i. Han vert og kalla ”leikepedagogen”, og han seier at leik er ein meiningsfull aktivitet som tek vare på spontaniteten, noko som er viktig for utviklinga.

Det er viktig at me som skal jobbe i skulen er klar over korleis me kan påverke andre, og kva som kan spele inn for den einskilde. Lærarens innstilling og veremåte mot elevane har veldig mykje å seie for elevanes utvikling. (Rosenthal- effekten). Som lærar kan me vere med på å byggja opp både sjølvbilete og sjølvtilliten til elevane, ved å la den einskilde elev få lære og utvikle seg som den dei er. Det er viktig at dei får tru på seg sjølv og kva dei kan få til, og å fokusere på det positive. Kvar elev må få føle at han/ho er verdfull, og få lov å utvikle seg individuelt. Ein kan klare å motivere ein elev som ikkje er så flink i matematikk ved å sei t.eks at han har utvikla seg mykje i det siste, faktisk den som har hatt best utvikling av alle, sjølv om eleven ligg på eit lågare nivå enn andre.

Ein metode som er tenkt å vere god for å leggje til rette for ein god utvikling er involveringspedagogikk. Dette var eit nytt ord for meg, men når eg tenkjer på det så har eg høyrt om metoden før. Trur den er mykje brukt i gruppeterapi samtalar? Alle skal delta, og målet er positiv identitet. Eg trur metoden har mykje for seg, då eg trur me kan lære både å våge å sei det me meiner/føler, og å lære å lytte til andre.

Til slutt nokre ord om gutar og jenter si sjølvoppfatning og korleis dei tolkar nederlag og suksess. Interessant å lesa, og det første eg tenkte var; ja, det er typisk! Eg trur nok at det finns variasjonar innafor dette, men eg kjenner meg i alle fall att i det at jenter ”skylder” på ytre årsaker (flaks, lette oppg.) ved suksess, og indre årsaker (manglande evner) ved nederlag. Ein kan lure på kvifor det er slik? Har me jenter for låg sjølvtillit? Kan me endra på det ved å bli flinkare til å tru på eit godt resultat, eller er det grunnleggjande skilnader mellom kjønna som ligg til grunn? Har Rosenthal- effekten noko å seie? Hmm…

torsdag 7. februar 2008

Svar på kommentarer frå forrige innlegg

Takk for kommentarane! Kjekt å få respons :)
Vel å kommentere kommentarane frå sist innlegg med eit nytt innlegg, då det blei litt å skriva :)
Måten me arbeidde på i ped. dei to siste gongene var nok ein ukjend/uvant arbeidsmetode for meg, og eg må ærleg sei at eg ikkje likte ho så veldig godt... :/. Men eg ser og kor vanskeleg det kan vere å organisere gruppearbeid som engasjerer alle elevane, så slik sett var det nyttig. Det gjer at eg må tenkje nøye gjennom korleis eg sjølv vil organisere gruppearbeid, og korleis eg vil dele elevane inn i grupper. Men det må vel finnast enklare måtar å dele elevane inn i grupper på enn slik det blei gjort med oss?

Svar på spørsmål frå Birgit: Skilnaden på indre og ytre motivasjon er at indre motivasjon kjem av interesse, lysten til å lære, noko me oppfattar som gøy og meiningsfylt, og behovet for å fylle "gapet" mellom det en kan frå før (eksisterande skjema)og nye erfaringar. Sistnemnte kan koplast til Piaget sin teori om læring og motivasjon. Han meinte og at alle har ein medfødd, indre motivasjon.

Ytre motivasjon er når me blir motivert av andre, ytre ting; me har eit mål med det me gjer. Til dømes kan utsiktene til en form for belønning vere motivasjon, eller ein gjer noko for å unngå straff. Karakterar er ei form for belønning vil eg sei. Ei anna kan vere eit barn som blir lova is til dessert berre det et opp middagen sin. Det kan og vere plikt som gjer at me motiverast. Skinner er vel ein av dei som står for denne teorien?

Til slutt vil eg nemne motivasjon ut frå ei humanistisk perspektiv, der alle sider ved personlegdommen vår er med på å skapa motivasjon. Me har både medfødde og tillærte behov som kan liggja til grunn for motivasjon. Her er vel teorien til Maslow og hans behovspyramide mest kjend. Han har fokus på indre motivasjon, og seier at motivasjon og behov heng i saman. I følgje Maslow må ein sjå alle behova under eitt. Ingen behov kan isolerast, og ein må dekka dei grunnleggjande behova før ein kan tenkja på det neste.

Eg er vel stort sett einig i denne teorien , men eg trur at det alltid finnast unnatak. Ingen personar er like, og derfor vil det alltid vere nokre personar teoriane ikkje heilt passar til. Eg trur og at dei ulike teoriane kan brukast om kvarandre, det er ikkje enten den eller den andre som gjeld. Nokre gonger er det interessa og den indre motivasjonen som driv oss, andre gonger er det utsikten til å oppnå noko som driv oss.

Eg synast det eit interessant tema, og eg reknar med at eg vil støyta på utfordingar når det gjeld mi eiga evne til å motivera elevane. Eg ser at eg ofte har brukt ytre motivasjonsfaktorar i høve til mine eigne ungar , utan at eg har tenkt over det. Men eg har og prøvd å motivera dei ved hjelp av deira eigen, indre motivasjon . Trur det er viktig at eg sjølv er engasjert og interessert i elevane, og prøver å gjere undervisninga så interessant og variert som mogleg. Takk til deg Birgit, du er ein stor motivator for meg!

Til deg Bertin, vil eg svara at eg trur det er viktig at undervisninga er ryddig og oversiktleg, slik at alle forstår kva dei skal gjere. Då er og moglegheita til å motivere elevane, større :)
Det blei langt dette her, men eg vonar eg har svart litt på alle kommentarane.

onsdag 30. januar 2008

28/1 Motivasjon

I dag skulle me ha om motivasjon, men eg må sei eg synast det blei ein veldig rotete dag! Forelesinga me skulle hatt, og som eg såg fram til, vart det ikkje noko av. Det vart mykje att og fram, og me enda opp med å jobbe i grupper på to og to, som så slo seg saman til fire. Me skulle lesa om motivasjon og lage oppgåver til dei andre gruppene. Det var jo for så vidt greitt nok, men eg føler det vart mykje bortkasta tid før me kom så langt. Alt blei så rotete at eg ikkje føler eg fekk nokon raud tråd i det.

Det kan jo hende at det berre var eg som følte det slik, og at årsaka ligg i at hovudet mitt er så fullt av alle dei andre oppgåvene me har for tida, at eg ikkje klarte å konsentrere meg skikkeleg…? Uansett sit eg igjen med ein følelse av at eg ikkje fekk så mykje ut av denne økta!

Første punktpraksis

Forstår at eg har gløymt å skrive om den første punktpraksisen, så her kjem det...

Må sei eg var litt spent på denne dagen, då eg ikkje heilt forsto kva me skulle gjøre på. Blei ikkje så veldig mykje klokare då vi kom ut på skolen. Dei tre første timane var me observatørar i klassen medan dei hadde vanleg undervisning (ikkje data). Me følte vel kanskje at det ikkje hadde så mykje med punktpraksisen å gjere, sjølv om det var kjekt å vere ilag med klassen igjen.

Dei to siste timane var me med då øvingslærar hadde data med klassen. Elevane blei delt i to grupper; eine gruppa satt med kvar sin pc og jobba med matematikkoppgåver på nettet. Når dei var ferdige med oppgåvene kunne dei gå inn på "gruble.net" og velje kva dei ville gjøre der. Den andre gruppa jobba med arbeidsplan i naturfag. Etter halve tida bytta elevane. Dette var kjekt å vere med på, for då fekk me sjå litt av kva dei gjer når dei brukar pc.

Etter elevane var ferdige kl 13.15 blei me sitjande å vente på møtet som skulle byrje kl 14.00. Då fekk me utdelt Langeland skule sin IKT plan, og Inge gjekk gjennom den med oss. Dette var ein svært nyttig for oss, og planen har me allereie fått bruk for fleire gonger, både i planlegging av punktpraksisen me hadde ansvaret for sjølv, og i samband med ei anna oppgåve.

Som ei oppsummering vil eg sei at dagen var lang, med mykje venting og ikkje heilt det eg hadde førestilt meg. Følte vel ikkje at eg fekk så veldig mykje utbytte av det, og eg følte meg usikker på kva me skulle gjere når me skulle tilbake i punktpraksisen. Men me fann no ut av det og det gjekk jo veldig bra!

tirsdag 22. januar 2008

Punktpraksis Langeland 22/1- 08

Ja, så var me ferdig med punktpraksisen i denne runden. Det blei ein kjempe kjekk dag! Var veldig spent på førehand med tanke på om opplegget ville fungere, og det gjorde det!

Me slo dei to 5. klassane saman, og me studenter planla eit felles opplegg for dei to klassane. Me delte elevane inn i 3 grupper, som alle skulle innom 3 stasjonar i løpet av dagen. Me studenter hadde fordelt oss på dei 3 stasjonane, og hadde ansvaret for opplegget der hele dagen. Det gjorde at me ikkje fekk tid til sjå på det opplegget som dei andre studentane hadde.
Eg var på stasjon med Ida og Mona, og der skulle elevane sitje ved kvar sin pc og læra teksthandsaming. Utstyret fungerte som det skulle, og elevane var aktive og med, og det var ro i klassen. Reine drømme økta! :)

Den største utfordringa, etter mitt syn, er å få tida til å klaffe. Det kan ofte være vanskeleg å berekne på førehand, men i dag klaffa det perfekt! Me hadde ei ekstraoppgåve til dei som trong det, og med den passa tid og opplegg perfekt saman. :)

På slutten av dagen samlast klassane i sine klasserom, og me hadde ei rask gjennomgang av dagen – spurde elevane om kva dei hadde lært, om det hadde vore ein kjekk dag osb. Dei var veldig positive til opplegget den dagen, og det var tydeleg at dei hadde fått med seg mykje. Dei er og veldig positive til oss studentar, og det er jo kjempe kjekt!

Eg gler meg til neste praksisperiode!! :)

mandag 14. januar 2008

14. januar -08: Planlegging av punktpraksis

I dag har me nytta dagen til å planleggje punktpraksisen som me skal ha på Langeland Skule i neste veke, der me skal bruke IKT i undervisninga. Me fekk ei påminning om bruk av "Diamanten" i planlegginga av Birgit før me gjekk kvar til vår gruppe. Den er eit nyttig verktøy i så høve. Mi gruppe hadde allereie planlagt å samarbeide med den andre gruppa som er i 5. klasse. Det er sjølvsagt både fordelar og ulemper å vere så mange om planlegginga, men eg trur det skal gå greitt, og eg føler no at me er kommen godt i gang.

Det er ei utfordring å planleggje når me ikkje har fått skikkeleg svar frå øvings lærarane kva elevane har hatt om i IKT og kva dei kan frå før. Det går på elevføresetnadene i "diamanten". Men me får prøve å laga eit opplegg som er enkelt å justere på etter at me har vore i møte med lærarane på torsdag. Birgit kjem jo alltid med mange gode tips og råd, og klarar som regel å leia oss på rett spor :). Heldigvis har me enno nokre dagar på oss til å få opplegget nokon lunde klart!

Ei anna utfordring er jo utstyret me har til rådvelde på praksis skulen, noko som er ein del av ramme faktorane i "diamanten" Det er jo dessverre slik at det ikkje er nok pc’ar til kvar einskild elev, så her må me tenkja kreativt. Det er synd at økonomien er så stram på skulane i dag at det blir ei utfordring kvar gong ein skal bruka digitalt verktøy! Men slik er det dessverre, så då må me forholda oss til det. Me har vald å slå saman dei to klassane, for så å dela dei inn i tre grupper. Her kjem ei anna ramma faktor inn, nemleg kva rom me har til rådvelde. Mål og innhald er ei anna ramme faktor, og der har Langeland laga si eigen IKT plan. I tillegg har me planane for bruk av IKT i KL06 å halda oss til. Så her er det berre til å slå seg laus! Det blir spennande å prøva ut!

10. januar -08: Photostory, Mooviemaker, Cartoonist, Pivot og Paint


I dag skulle me prøva ut nye verktøy som me kan bruke i vår produksjon av samansett tekst. Eg (og nokre andre) som måtte låna berbar pc på IKT hjelp, fekk litt startproblem i høve til dette. Det blei litt springing opp og ned, noko som resulterte i at me kom litt seint i gang, men me fekk no prøvd oss litt til slutt.

Eg er ikkje vane med å bruka slike program, så dette var nyttig og interessant! Det har vorte mykje nytt å fordøye når det gjeld bruk av slike typar program, både dei me har lært om i dag, og bilethandsaming og animasjon, men eg vonar og trur at det skal gå bra :)

Photostory og Mooviemaker har eg ikkje fått tid til å sjå meir på, men me fekk tid til å prøva oss i Cartoonist og Pivot m/Paint, og det var kjempegøy! No vonar eg berre at eg hugsar det igjen når me skal byrja på den digitale samansette teksten vår! Eg synest i alle fall at det er veldig kjekt å få høve til å lære å bruka slike program, det opnar ei heilt ny verd! Det er ikkje berre gøy, det er jo og eit godt og nyttig reiskap å bruka i arbeidet som lærar. Reknar med at me kjem til å bli røynde i bruken før me er ferdig utdanna lærar :)

Redigert 30/4-08:

Skal leggje til litt om den samansette teksten. Eg og Geir Martin samarbeidde om å lage den samansette teksten, og me valde ein kjend bok av Torbjørn Egner, nemleg "Folk og røvare i Kardemomme by". Me valde denne fordi det er ei bok me beggje kjende godt frå før, og har hatt mykje glede av ilag med eigne ungar. Samarbeidet gjekk knirkefritt :) Det første me gjorde var å innhente tillating til å bruke bilder og tekst frå boka frå forlaget. Så gjekk me igang med å skrive tekst, filme, spele inn lyd og lage animasjon. Til slutt var det å setje alt i saman til eit ferdig produkt, og me vart ganske førnøydde med resultatet!

torsdag 10. januar 2008

BARN OG NYE MEDIUM

Ja så har me byrja på 2008! Skal sei det første halve året har gått fort! Første spretten i det nye året handla om barn og nye medier, og då særleg om trygg og fornuftig bruk av internett, og om lover og reglar for kva som er lov og ikkje lov når det gjeld å bruka det andre har lagt ut. Må sei eg ikkje har tenkt så mykje over det, så det var veldig bra å få ei "påminning"! Det er viktig at me som skal vere vaksne rolle modellar går føre med eit godt eksempel, og ikkje minst gjer ungane merksame på dette!

Må sei eg syntest det var skremmande å sjå kva som skjedde då Ane logga seg på chatte sida. Eg var ikkje klar over kor ille det var (sikkert fordi eg ikkje chatter sjølv…). Men etter å ha sett dette, ser eg at det er endå viktigare å følgje med på kva ungane er inne på når dei er på nett, og ikkje minst byrja tidleg å skapa gode haldningar hos dei. Det er kjempe viktig å få dei til å forstå at dei må vere kritiske til kva dei legg ut på nettet, og ikkje oppgje personlege opplysningar. Me har lese nok historier i avisene om kva som kan skje… Men klart ungar er nyfikne, så det er ikkje alltid like lett å nå heilt fram. Haldningsskapande arbeid er eit viktig stikkord her, og det må byrja tidleg!

Ein annan ting er dette med mobbing. Mobbarane har fått heilt nye kanalar å boltre seg på med internett og mobiltlf. Her må me vaksne vere ekstra obs. Det er ikkje alltid så enkelt å få ungane til å fortelje om det, så her og må me komme tidleg på banen med haldningsskapande arbeid.
Elles fekk me tips om ein del nyttige lenker, til dømes SAFT, dubestemmer.no og redd Barna sine sider. Eg syntest denne økta var tankevekkjande og interessant, og ser at det er viktig at me som framtidige lærarar engasjerer oss i dette! :)