onsdag 30. april 2008

REFLEKSJONSNOTAT 30/4- 08




Så var tida komen for å skrive det siste innlegget i bloggen. Skal sei dette skuleåret har gått fort! Det er no litt vemodig òg, synest eg. Og litt rart tenkje på at eg er blitt så fortruleg med å bruke dette verktyet! :) I byrjinga såg eg vel kanskje litt ”svart” på dette med blogging.


Det var heilt nytt for meg, og det var så mykje nytt å setje seg inn i, at eg følte det gjekk ut over konsentrasjonen i sjølve faget i byrjinga. Og det tok tid! Tid tar det for så vidt enno, men det har vore ein heilt fantastisk måte å lære på! Dette med å vere ”kritisk ven”, og lese medstudentane sine bloggar har og vore utruleg lærerikt. (Dei fleste av oss kunne nok vore flinkare til kommentere andre, men for min del har det stått på tid og prioriteringar). Trur aldri eg hadde fått så mykje med meg om eg berre skulle følgt forelesingane og lese for meg sjølv.


Me har hatt dyktige lærarar i faget pedagogikk. Birgit er den me har hatt mest, og ho har vore ei stor motivator og inspirasjonskjelde for meg. Det har til tider vore store arbeidsmengder for oss studentar, men samstundes har Birgit hatt ein kjempejobb med å følgje opp det arbeidet me har gjort, noko ho har gjort på ein framifrå måte! Eg har lært mykje om kor viktig det er å variere undervisninga, korleis ein kan variere undervisninga, og ikkje minst kor viktig det er å vere engasjert! God planlegging er og kjempeviktig for å få til ei god undervisning. Eg suger alt til meg som ein svamp, og vonar eg klarar å ta det med meg vidare når eg ein dag skal ut og undervise.!


Eg synest pedagogikk har vore det absolutt kjekkaste faget i dette skuleåret. Det var heilt nytt for meg, men eg likte det med ein gong! Eg trudde kanskje det ville bli eit tungt og tørt fag, men det har vore stikk motsett - utruleg spennande og interessant! Det er i dette faget eg føler at eg har lært mest. Me ha jo teke for oss ein mengde tema i dette faget, men det som er så kjekt å sjå no mot slutten, er korleis alt heng i saman, som eit kjede! Frå samarbeid/kommunikasjon, læraren sine mange oppgåver, observasjon, å leia basisgruppa, pedagogisk grunnsyn, planlegging, ulike IKT program , born og nye media, motivasjon, sjølvbilete, spes. ped, yrkesetikk, tilpassa opplæring og til rettleiing/vurdering.


Før eg byrja i haust hadde eg aldri tenkt over at det var noko som heitte pedagogisk grunnsyn. Og eg føler at det har teke litt tid før eg kunne seie noko om mitt eige syn. Det kjem seg av at i byrjinga var det så mange teoriar å setje seg inn i. Dernest var det at eg vart litt forvirra, for eg kunne då ikkje halde med berre ein teori? Eg synest jo at det var noko ”godt” i fleire teoriar. Sidan, og spesielt den siste tida, etter oppgåveskriving og revidering av desse, føler eg at eg endeleg kan sei noko om mitt pedagogiske grunnsyn.


Eg har innsett at det ikkje er nokon teori som er den ”absolutt riktige”. Kva teori som er ”gjeldande” har endra seg opp gjennom tidene, parallelt med nye læreplanar og ”trendar” i samfunnet. Det har vel alltid vore ”usemje” om dei ulike teoriane, og diskusjonar om korleis barn lærer best. Alle menneske er ulike, både barn og vaksne. Også lærarar og pedagogar. Derfor vil det alltid vere varierte meiningar i pedagogikken, som i alt anna i samfunnet.


Eg har funnet ut, som eg nett har skrevet i matte/ped oppgåva, at mitt pedagogiske grunnsyn heller mot sosiokulturell - konstruktivistisk- og kognitiv retning. Eg har ”sansen” for teoriane til dei fire teoretikarane eg har teke med i oppgåva, som er Vygotsky, Bandura, Dewey og Piaget. I nokre fag og samanhenger/situasjonar, og for nokre elevar, meiner eg kanskje at den eine teorien høver best, medan ved andre høve er det ein av dei andre som er mest aktuell. Men ofte er det ei kombinasjon av desse som høver best til korleis eg meiner barn lærer best. Litt frå her og litt frå der. Eg meiner til dømes at den sosiokulturelle teorien med vekt på språk, kommunikasjon, aktivitet og samhandling med andre, er den teorien eg byggjer mitt pedagogiske grunnsyn på. Samstundes er det element både frå den konstruktivistiske og den kognitive teorien som eg meiner er verdfulle å ta med i det pedagogsike arbeidet. Men eg ser jo at dette kan ”justere” seg etter kvart som eg får meir erfaring og praksis. Me har jo hatt om andre pedagogar og teoretikarar og, og seier ikkje at dei har ”feil”.


Eg er så gamal at då eg gjekk på skulen var det ikkje så vanleg med prosjektarbeid og gruppearbeid. Undersøkingslandskap og problemløysande metodar er jo nokså nytt, så det har eg aldri vore borti før no. Eg syntes dette nye var vanskeleg, eg var jo ikkje vande med det, og følte vel liten grad av meistring i desse metodane å jobbe på. Etter å ha delteke på førelesingar, i praksis, gjennom å lese i pensumbøker og skrive oppgåver, både individuelt og i grupper, ser eg jo at det kan vere ein god måte å lære på. Eg tenkjer mange gonger med meg sjølv; mon tru om eg hadde hatt eit ”betre forhold” til matematikkfaget dersom det hadde blitt undervist på andre måtar då eg var ung? Det er 27 år sidan eg hadde matematikk sist, og som de skjønar så er eg ikkje så ”fortruleg” med matematikken, sjølv om eg skulle ønskje det ikkje var slik.


Det som eg synest har vore det absolutt kjekkaste gjennom heile dette skuleåret, er å vere ute i praksis. Eg synest me som lærarstudentar skulle hatt meir praksis. Me lærer så utruleg mykje, og det er i praksis me verkeleg får sjå korleis det er å vere lærar, på godt og vondt. Då får me sjå om det er dette me verkeleg har lyst å arbeide med. Eg for min del fekk forsterka mitt ønskje om å bli lærar etter eg hadde vore i praksis. (Eg gler meg allereie til neste gong me skal i praksis!).


Eg trivst godt i lag med elevane i klasserommet, og likte og undervise. Eg har tidlegare hatt eit arbeid der eg arbeidde med menneske, og det har eg fortsett lyst å ha. Det er sjølvsagt mykje ein må ta omsyn til når ein underviser, og noko av det viktigaste er å ha engasjement og verkeleg bry seg om elevane. Det å:
- sjå kvar einskild elev, sørgje for å skape tryggleik og trivnad
- kunne motivere dei og fremje læring, vere positiv og kreativ
- kunne variere og tilpasse undervisninga for kvar elev,
- halde seg oppdatert fagleg,
- ha evne til samarbeid med elev, føresette, kollegaer, skuleleiing og dei ein elles har kontakt med i yrket,
- kunne planleggje og vurdere/evaluere undervisning og læring
- vere ein god arbeidsleiar og rollemodell, tydeleg og strukturert



Eg syntest eg utvikla meg mykje frå den første til den siste praksisperioden. I byrjinga var eg veldig usikker, og redd for å gjere feil. Etter kvart såg eg at det å gjere feil ikkje betydde så mykje, det var då eg lærte mest. Eg følte meg etter kvart tryggare i mi rolle som lærar. Å vere tydeleg ”vaksen” var ikkje så vanskeleg, då eg var det bokstaveleg tala ;). Men det å vere konsekvent og bli flinkare til å få ro i klassen, var nokre av dei tinga eg måtte jobbe litt med. Det kom seg etter kvart det og.

Eg fekk god tilbakemelding på at eg var flink å sjå elevane og hadde god kontakt med dei, og at eg var trygg og tydeleg i lærarrolla. Det synest eg var positivt. Elles merka eg at det å planleggje godt, hadde mykje å sei for korleis undervisninga gjekk. Vurderinga eg fekk frå øvingslærar var god, han meinte eg ville eigne meg godt som lærar. Så då får eg berre vone at han har rett! Eg føler meg i alle fall trygg på at eg ønskjer å arbeide som lærar, så får eg vone at eg klarar å fylle alle dei krava og oppgåvene ein lærar har, slik at læringsutbytte og trivnaden til elevane vert best mogleg!


Samarbeidet med praksisgruppa har vore ei god og lærerik erfaring. Eg synest me har fungert godt ilag. Eg har erfart at ein lærer mykje av det å samarbeide i grupper, og det gjeld generelt om alt gruppearbeidet me har hatt i år. Det har vore berikane og lærerikt.


Samarbeidet med øvingslærar og teamet på praksisskulen har og vore veldig godt. Me har følt oss velkommen og godt ivareteken, og synest dei har gjeve oss god støtte og hjelp undervegs i læringsprosessen. Så takk til dei!




Til slutt vil eg berre takke alle mine medstudentar og lærarar for godt samarbeid og all støtte og hjelp gjennom dette skuleåret. Det har vore eit kjekt år som har gjeve meg mykje lærdom, nokre gråe hår, mange gode og nyttige erfaringar og mange nye vener! Eg gler meg til fortsettinga! God sommar til alle!! :)

søndag 27. april 2008

Dei stille barna...


Eg var inne på NRK nett og såg programmet om dei stille barna. Det gjorde inntrykk på meg, for det er sant som dei sa at det er eit forsømt område i skulen og eit stort problem. Skilnaden er at dei innagerande berre skapar trøbbel for seg sjølv, medan dei utagerande skapar trøbbel for alle rundt seg, og dermed vert det fortare/lettare gjort noko med. Men det å vere stille vert eit problem når dei trekkjer seg tilbake i sosiale samanhenger, og det hindrar dei i å etablere vennskap fordi dei trur at ingen vil vere ilag med dei. Dei får så mange vonde kjensler og dei gruer seg til kvar time og kvart friminutt. All gruinga blir til hinder for å lære. Det er jo heilt forferdeleg!
Det har vore mykje fokus på dette med mobbing dei siste åra. Eg trur nok at det kan ha hjelpt noko, men er langt i frå overbevist om at me har fått bukt med mobbinga i norske skular. Me høyrde i programmet at stillheita kan ha fleire årsaker. Mange av desse stille barna vert mobba. Andre har psykiske problem eller problem i heimen. Nokre er berre stille av natur. Uansett er det viktig at me som lærar opprettar kontakt med desse barna, og gir dei TID. Me må vise at me bryr oss. Når kontakten er etablert kan me komme vidare inn på kva som er sjølve problemet.
God dialog med heimen er og viktig for å avdekke problemet og sørgje for at dei barna som treng det, får hjelp. Me må spele på lag med heimen for å styrke sjølvfølelsen og sjølvtilliten til desse barna, og det kan me gjere ved å gi dei tid, og vise at me bryr oss og ønskjer å vere ilag med dei! Dette med å vise omsorg og å sjå kvar einskild elev hadde faktisk me som første yrkesetiske bod for lærare. Og det er eit kjempeviktig bod! Lurer berre på om me klarer å gjennomføre det i praksis når me kjem ut i jobb? Har me TID? i ein travel kvardag?

Måndag 14. April – Frukost på ”Børtveit skule”





Dette var ein kjekk vri på eksamensførebuing!! Kjempekoselig med felles frukost. Det mangla ikkje på godt brød og pålegg, frukt og drikke, så her var det berre til å lange inn! Lurt å organisere det slik at me fekk liste over kva einskild skulle ta med seg.


Må si at Birgit er kreativ og flink når det gjeld å variere opplegget. Ho praktiserer teorien i praksis, så her må me berre suge til oss! Trur ikkje eg har hatt ein lærar som er så engasjert, kreativ og flink til å variere undervisninga :)


Etter frukosten bar det i veg til 104 for å sjå alle dei samansette tekstane. Det var utruleg kjekt å sjå dei andre gruppene sine resultat, må sei det vart eit knippe med svært varierte tekstar! Ein får ein del idear av å sjå andre sitt arbeid, og ein lærer nye måtar å sjå og gjere ting på. Det har eg sett fleire gonger dette skuleåret. Eg og Geir Martin var rimeleg nøgd med vårt arbeid i dette samarbeidet. Me hadde ikkje fått tid til å gjere noko med dei påpeika endringane som kunne gjerast med teksten for å gjere den betre, men me får prøve å få det gjort før mappeinnleveringa! :)



Dette var siste økt med pedagogikk for for no. Det har vore eit lærerikt år, og eg synest spesielt dette med å blogge har vore lærerikt. Det var heilt nytt for meg, men eg trur nok eg har lært mykje meir enn om eg berre skulle fulgt førelesningane for så å lese sjølv. Ein får sjanse til å la lærdomen synka inn, og skrive litt om dei ulike tema. Det gjer det lettare å hugse det me har vore gjennom. Det å lese andre sine bloggar er og noko ein lærer mykje av. Då får ein sjå kva medstudentene legg vekt på i sine tankar og refleksjonar, og kanskje får ein nokre aha- opplevelsar. Ein les om ting ein kanskje ikkje har tenkt på sjølv, ting ein ikkje har fått med seg som viktig. Dermed får ein utvida horisonten endå litt.

mandag 7. april 2008

Vurdering og veiledning 7. april 2008



No må eg ha ein pause i matte/ped oppgåva, så no får eg ta for meg litt i bloggen!



I denne økta hadde me om veiledning og vurdering, to viktige pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremje læring, utvikling og vekst. No vel eg å bruke det same uttrykket som Åshild, nemleg veiledning (ikkje rettleiing), då eg synest veiledning seier meir enn rettleiing.

For å byrje med veiledning; kva er veiledning og kva går det eigentleg ut på i pedagogisk samanheng?

Som lærar skal eg kunne veilede elevvane mine på ein god måte for å fremje læring. Dette krev ein god munnleg dialog. Det er då viktig med eit godt tillitsforhold mellom meg og eleven, der me er likeverdige som personar, men der eg framstår som den meir kompetente andre, den med mest fagkunnskap (asymmetrisk relasjon). For å oppnå dette må eg kjenne eleven godt, og eleven må kjenne tryggleik.

Som veileder må eg kunne stille dei gode spørsmåla, gje råd, korrigere og vere utforskande saman med den som vert veileda. Eg må unngå ord som ”alltid” og ”aldri”. Eleven må få tilbakemelding på både det som er bra, og det som kan bli betre. Det som kan bli betre, må leggjast fram på ein positiv måte. (Ein må ikkje gi ros i ”hytt og vær”, det vil verke mot sin hensikt, men være ekte i sin tilbakemeld.). Derfor må det alltid fokuserast på det positive, samstundes som tilbakemeldinga må vere konkret, sakleg og konstruktiv. Dette for at eleven skal kunne setje seg konkrete mål og sjå konkret kva han må jobbe med for å nå måla. Derfor må eg som veileder òg kunne vise empati og motivere eleven til å nå måla sine, og sørgje for at måla ikkje er urealistiske i høve eleven sitt nivå (jmf meistring og tilpassa opplæring). Det er viktig å hugse på at eg ikkje må samanlikne elevane med kvarandre. Kvar elev må veiledast og vurderast individuelt. Veiledning kan òg gå på andre ting enn akkurat det faglege, som t.d
sosiale ting som trivnad og miljø. Det er viktig å sjå heile mennesket!

I pedagogisk samanheng er målet med vurdering å gi informasjon. Denne informasjonen kan virke som ein ytre motivasjon, og ein spore til auka innsats. Den kan og virke demotiverande dersom den vert gjeven på feil måte. Det skiljast mellom summativ vurdering og formativ vurdering. Summativ vurdering vert ofte gjeven ved slutten av utdanninga eller kurset (karakterar), dvs at ein vurderer ein elev sin kompetanse på eit gitt tidspunkt (vurdering av læring). Formativ vurdering er vurdering som vert gitt undervegs, og har som mål å vidareutvikle eleven sin læring (vurdering for læring) (Wittek, 2006).

Det er fleire viktige aspekter ved vurdering, og eg vil berre kort nemne dei her; 1.Veiledning fremje motivasjon, læring osb), 2. bedømming (info til elev og føresette, karaktersetting), 3. informasjon (samf,, arb. gjevar, skular osb) 4. skulevurdering (kvalitetssikring av læringsarena, kartlegging) og 5. seleksjon/utvelging (grunnlag for inntak til videreg./høgskule). Sjølvvurdering er ei òg viktig faktor, og det er trong for elevmedverknad på alle trinn, fordi det er med på å auke eleven sitt læringsutbytte.

I samband med LK-06 er det kommen mange nye ord og formuleringar, me snakkar om eit nytt vurderingsspråk. Tradisjonelt har vurderinga i norske skular vore summativ, men no går det meir over til ein formativ vurderingsform. Det vil sei at me går frå vurdering av læring til vurdering for læring. Det vert og lagt større vekt på eigenvurdering, dvs større grad av elevmedverknad. Noko som er viktig å merka seg i samband med vurdering og tilpassa opplæring, er at alle elevar skal vurderast etter same kompetansemål, dvs at det er ikkje lov å krevje mindre av dei med lave føresetnadar… Noko å tenkje på?

Til slutt nokre ord om gruppearbeidet denne gongen. Eg synest det var ei kjekk oppgåve me fekk, der me skulle prøve oss på å gje ei vurdering. Det er ikkje lett, i alle fall ikkje når ein er fersk. Eg trur det er noko som ”går seg til” etter kvart som ein får meir erfaring. Men sjølv røynde lærarar må av og til spørje kollegaer om ein ”second opinion”. :) Det er uansett kjekt og nyttig at me får prøve oss litt i dette, skulle gjerne hatt litt av det før me var i praksis, for då måtte me gje tilbakemelding på arbeidet elevane gjorde. Det hadde vore greitt å hatt litt kjennskap til dette emnet før me måtte gjere det i ”røynda” :)


Tilpassa opplæring 31. mars -08

"Alle kan lære alt" - sa J. A Comenius på 1600- talet!
Han var den første som brakte på banen tanken om tilpassa opplæring, og den skulle gjelde for alle!

Som lærar har ein fleire styringsdokument å halde seg til i skulen; Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova og Kunnskapsløftet 06. I følgje Opplæringslova har alle rett til tilpassa opplæring i Noreg. Denne retten blei lovfesta i 1998. Tilpassa opplæring er noko som gjeld for alle, og må ikkje forvekslast med spesialundervisning.

Spesialundervisning er og lovfesta i opplæringslova, og vil sei ei undervisning som skal sikre at personar som har ein eller annan form for funksjonssvikt, får ein tilpassa og likeverdig opplæring. Det må "liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven", står det å lese i lova.

Tilpassa opplæring vil sei at den einskilde elev har rett til ein god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde elev sine evner og føresetnader. I følgje LK06 skal undervisninga ikkje berre tilpassast fag og stoff, men og til alderstrinn og utviklingsnivå. Undervisninga skal tilpassast den einskilde elev og den samansette klassen.

Dette kan vere ein stor utfordring for dagens skular og lærarar! Ofte er det 1 lærar i klassar med 25- 30 elevar, og det seier seg sjølv at det kan vere vanskeleg å tilpasse opplæringa til den einskilde. Dette sett store krav til læraren, både fagleg og pedagogisk. Det set krav om at læraren kan sine fag, men og at han har evna til å differensiere lærestoffet og variere arbeidsmåtane og organiseringa. I LK06 er det definert kompetansemål som seier kva eleven skal kunne. Desse måla må brytast ned og formulerast slik at elevane veit når dei har nådd målet. Det må utarbeidast kjenneteikn på måloppnåing, og det krev at læraren har god fagleg kunnskap. Han må kunne skilja mellom måloppnåing på høgt og lågt nivå.

På Langeland skule har dei byrja med noko som heiter IUP (Individuell Utviklings Plan). Det syntest eg verka interessant, og eg synest det verkar som ein fin måte å tilpasse opplæringa på.
Har teke med eit lite utdrag som eg fann på skulen sin heimeside: (http://skule.stord.kommune.no/langeland/iup.htm )
"Ord og uttrykk knytt til IUP:
Mentorsamtale
- Regelbunden samtale mellom elev og kontaktlærar
Stegark
- Konkrete mål og kriteria for måloppnåing
Planleggingsbok
- Her skriv elevane sine mål som dei skal jobba mot.
Portefølje
- Eleven sin skryteperm ( best off )"


Redigert 28/4 -08:
Ein annan måte ein kan få til tilpassa opplæring i praksis, er å bruke individuelle arbeidsplanar. Det tok me i bruk då me var i praksis i samband med eit tema me hadde om. Då laga me arbeidsplanar som elevane jobba med individuelt, gjerne kombinert med stasjonsarbeid og gruppearbeid (arbeidsplanen blei på ein måte ein "stasjon"). Arbeidsplanar kan då innehelde varierte oppgåver av lett – middels – vanskeleg art. Mengda oppgåver kan òg varierast, slik at dei som jobbar raskt og lett har nok oppgåver, og dei som jobbar "seinare" og treng meir tid ikkje får for mange oppgåver.

Det er like viktig å gje dei ”flinke” elevane utfordringar, slik at dei kan utvikla seg vidare, som å gje dei ”svake” elevane oppgåver som kan gi dei meistringsfølelse!

Det spirer og gror av nytt liv blandt visne kvister frå i fjor!



Bildet tok eg på tur i Hystadmarka første helga i april, og motivet fekk meg til å tenkja på at uansett kor mykje eg stressar og kavar, så går tida sin gang! No er våren i anmarsj, og det er lengre dagar. På tide å komme seg ut av stolen og ut i naturen, og nyte det som skjer!

Kari :-)

søndag 30. mars 2008

Yrkesetisk seminar 26- 28 mars -08

Først vil eg sei at etikk generelt er eit interessant, og alltid like aktuelt tema. Det er noko ein kjem borti ved mange høve i livet. Når det gjeld yrkesetikk, er eg kjent med omgrepet frå den tida eg jobba i helsevesenet. Til dømes det med teiingsplikt er noko som er særs relevant, både innafor læraryrket og ulike yrke innan helsevesenet. Teiingsplikta er ikkje berre lovpålagt, men har og stor betyding for å oppretthalde tillit.

I denne økta hadde me om yrkesetikk innafor læraryrket spesielt. Som lærar kjem ein i kontakt med både born og vaksne, og ofte møter me menneske som er i krise eller i ein konfliktsituasjon. Det kan ofte føre til at me kjem opp i ulike etiske dilemma. Me må då vise skjønn og evne til å handle moralsk og etisk riktig ut i frå det som vert forventa av oss som lærar og omsorgsperson. Me må alltid hugse å setje eleven i sentrum, og me må handle til beste for han/ho.

Som lærar har me òg mykje ansvar og stor makt. Det er viktig at me brukar makta vår fornuftig og i tråd med både skrivne og uskrivne lovar og reglar, og i tråd med etiske verdiar og normer. Det er ofte ein fin balansegang her, som ikkje alltid er like lett å handtere. Som lærar har me ikkje berre teiingsplikt, men og opplysningsplikt, og det er like viktig at me er klar over kor tid den skal brukast (til dømes ved alvorleg omsorgsvikt eller mishandling). Det finnast unntak frå teieplikta dersom personen det gjeld gir fritak, eller i saker der det er snakk om straffbare tilhøve.

Desse tre dagane med yrkesetisk seminar var både interessante og lærerike. Det var veldig kjekt å jobbe i litt andre grupper på tvers av klassane. Ein vert betre kjent med dei i den andre klassen, og får litt nye innspel. Me i gruppa laga våre eigne 10 yrkesetiske bod for lærare. Dei må me prøva å leve opp til! :) Elles jobba me med fire ulike case- tilfelle der me skulle definere det grunnleggjande problemet, få fram ulike handlingsalternativ, og til slutt gjere ein konsekvensetisk- og pliktetisk analyse. Siste dagen skulle me framføre casene våre for dei andre gruppene munnleg. Det vart livlege diskusjonar, og eg følte at eg fekk mykje ut av denne måten å jobbe på.

Om eg har fått med meg det vesentlige her, kan me sei at i konsekvensetikk er det konsekvensen eller resultatet av handlinga som er det viktigaste. Er resultatet godt, er handlinga god. I pliktetikken tek ein utgangspunkt i dei lover, regler eller normer som gjeld, og det er dei som er det viktigaste, (det som er rett i seg sjølv) utan omsyn til kva konsekvensen vert.
Det blei litt langt dette, men eg kunne eigentleg skrive mykje meir. Det får eg spare til etikk- oppgåva som skal inn på torsdag :)

SVAR PÅ KOMMENTARER OM YRKESETISKE BOD FOR LÆRARE:

Først vil eg takke for kommentarene :) Eg trur eg vel å kommentere kommentarene ved å leggje ut dei 10 boda me kom fram til. Det vart sjølvsagt litt diskusjon før me kom fram til dei boda me ville ha, men me var i grunnen ganske einige om kva som er viktig. Vonar de får svar på det de spør om her:)

10 yrkesetiske bod for lærare:
1. Læraren må være ein god klasseleiar, vise omsorg og å sjå kvar einskilde elev
- Skape interesse, tillit og tryggleik
2. Læraren må kunne leie læringsprosessen i tråd med gjeldande lovar og reglar
- Teieplikt, opplysningsplikt, tilpassa opplæring
3. Læraren må være ein god arbeidsleiar og ein god rollemodell/forbilde
- Komme presis, være godt forberedt, skape ro, ”alltid på jobb”
4. Læraren må ha evne til å kommunisere og samarbeide
- Med elevane, føresette og kollegaer
5. Læraren må ha evne til å kunne gi og ta imot konstruktiv tilbakemelding
6. Læraren må ha evne til å takle endringar og uførutsette hendingar
- Ingen dag er lik, gode planar må kanskje endrast undervegs, døme: ”episodar frå friminutt"
7. Læraren må ha god fagleg kompetanse
8. Læraren må være kreativ og tenkje positivt
- Variasjon og differensiering
9. Læraren må ha god sjølvinnsikt
- Sjå seg sjølv med andre sine auger
10. Læraren må alltid kunne sjå potensialet hos seg sjølv og andre
- Alle har utviklingspotensiale og positive sider – ulike ”intelligenser”.

Engasjement ser me på som den viktigaste evna for ein god lærar, og kjem som eit underpunkt for alle boda. Etisk refleksjon over læraren si rolle botnar heilt klart i fleire ulike etiske teoriar, yrkesetikken handlar kanskje mest av alt om å utøve skjønn.