søndag 30. mars 2008

Praksisperiode 3; veke 9, 10 og 11 2008

Då var me ferdige med praksis for denne gong, og skal ikkje ut igjen før "neste" skuleår! Altfor lenge til!!

Målet mitt for denne perioden var å bli flinkare til å få ro i klassen, og få til god oppstart og avslutning av timen.

Eg valde dette målet fordi det var ein av dei tinga som Martin (øvingslærar) peika på at eg kunne bli flinkare til under evalueringa etter førre praksisperiode. Då me hadde evaluering etter denne praksisperioden, var dette framleis ein ting eg kunne jobbe meir med. Så eg må vel berre sei at eg ikkje klarte å nå målet mitt heilt for denne perioden, sjølv om eg kanskje var blitt litt flinkare enn sist.

Eg tenkjer meg at dette då framleis må vere eitt av mine mål neste gong me skal ut i praksis.

Det har vore utruleg kjekt å vere i praksis og eg føler eg har lært utruleg mykje. Desse vekene har òg overbevist meg om at eg har valt rett utdanning. Eg har lyst til å bli lærar. Eg har storkost meg ilag med elevane i klassen, og føler at eg fekk god kontakt med dei. Det kjennest meiningsfullt å stå framfor ein klasse å undervise. Samstundes kan det vere ei utfordring, og ingen dagar er heilt like. Det skjer stadig ting som ein må ta på strak arm, og ein kan ikkje tillate seg å ha ein ”dårleg dag”. Men slik er det i andre yrke og, sjølvsagt. Ein må vere profesjonell. I læraryrket må ein òg vere medmenneske og ein god pedagog. Det vert ein ikkje berre av å lese pedagogiske teoriar og gjere oppgåver innan pedagogikk, det treng ein praktisk trening i. Skulle ynskje me hadde mykje meir praksis enn det me har pr. i dag. Det er i praksis me verkeleg får øva oss, og lære å bli lærar!

Elles har me fått vere med på mykje kjekt i denne praksisperioden; rikskonsert, Solidaritetsdag og tur til gruvene på Litlabø. Solidaritetsdagen var til inntekt for ein barneheim i Afrika, og det var ein fryd å sjå ungane i ein annan setting enn i klasserommet, og den iveren dei viste for å vere med på å hjelpe andre barn. Då var det open dag på skulen for familie og vener, med sal av kaffi, mat og ulike varer. Det var og loddtrekking, utstilling og konsertar/framsyning i gymsalen.

Turen til gruvene på Litlabø var i samband med temaet i naturfag, som var ”Ei verd av stein”. Då fekk me omvising og informasjon om korleis det var der då gruvene var aktive. Det blei og tid til å ete nista og leika litt ute.

I tillegg fekk me vere med på oppstart av ”Leselyst prosjektet”, noko som var ein kjekk erfaring. Det å sjå korleis nokre vel ei bok ut frå om han ser interessant og kjekk ut, medan andre vel ei bok ut frå om han er kort og lettlest, visar kor ulike elevane er. Uansett måtte dei lese boka og svare på spørsmål ut frå handlinga, så det var ikkje mogleg å ”juksa”. Det fine ved det er at det var delt opp i 4 ulike nivå, så alle elevane skulle oppleve meistring på sitt nivå.

Me fekk og vist fram resultata våre av dei samansette tekstane me jobba med før me gjekk ut i praksis, og me hadde ei dramaframføring i KRL om undera, som me framførde for elevane.

Skulen hadde litt problem med elev- pc’ane, men me fekk brukt IKT som grunnleggjande dugleik i klassen siste veka me var i praksis. Me valde oss ut eit punkt som står oppført for 5. trinnet i IKT planen for Langeland skule, som seier at elevane skal;
- øve systematisk på tekstbehandling og skrivetempo.
Trinnet har ca 15 elev- pc’ar, så då delte me klassen i to. Dei som ikkje jobba på pc, heldt på med ”Leselyst prosjektet”. Opplegget fungerte fint, og det verka som elevane var interessert i, og hadde trong for, å lære ei anna bruk av pc enn å surfe på internett eller spele spel.

Som sagt; eg har storkost meg i praksis, og ser verkeleg fram til neste praksisperiode. Det var trist å ta farvel med elevane, og det verka som dei syntes det same. Dei hadde lyst at me skulle kome tilbake til dei! Det tek eg som eit teikn på at dei har likt å ha oss der!

Ingen kommentarer: