torsdag 23. august 2007

KVIFOR EG VIL BLI LÆRAR OG KVIFOR EG VALDE HSH STORD

Eigentleg var det noko tilfeldig at eg hamna på studiet for allmennlærar. Det er ikkje slik at eg har hatt noko ønske om å bli lærar. Eg har arbeida som sekretær på sjukehuset på Stord i ca 7 år, og trivst veldig godt i jobben min. Men så fekk eg kroniske problem med ryggen, og hamna på yrkesretta attføring. Eg måtte finne meg ein jobb der eg ikkje sit så mykje i ro.

Eg har alltid likt engelsk, og i august i fjor "heiv" eg meg på ein rest plass på årseining i engelsk. Det var utruleg kjekt! Student livet gav meirsmak. Me var i praksis på ungdomsskulen, noko eg likte kjempegodt, og fann ut at eg godt kunne tenkje meg å verta lærar.

Kvifor HSH på Stord? Sidan eg bur i Øklandslio (10 min frå skulen) var ikkje valet så vanskeleg! Kvifor hoppe øve bekken etter vatn? Visste jo også at skulen har godt ord på seg, då eg kjenne fleire som har vore studentar her. :)

3 kommentarer:

Franny Maria sa...

Heisann:)
God å høyra at det er noken som har erfaring frå ungdomsskulen, og fekk meir smak på det etter det. Eg har veldig lyst til å bli lærar på ungdomsskulen..

-Franny

Gunnar sa...

Hei.

Kjekt å sjå tidligare medstudenter igjen. Kjekt at du forsetter å liker det du holder på med. Håper dette kan være det rette for deg. Kan ikkje væra lett å måtte omskulere seg.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei...

Ja, det fins ei grunn for alt, og sidan du likte deg så godt både med engelskstudiet og i praksis, trur eg det er stor sjanse for at du valte rett :-)
Med hus i Øklandslio sa det seg jo nesten sjølv at det måtte bli HSH avd. Rommetveit på deg, og det er alltid kjekt å lesa at skulen har godt ord på seg!

Birgit :-)