mandag 27. august 2007

Tanker om teamarbeid og kommunikasjon

I dag har vi hatt den første "skikkelege" økta i pedagogikk, og tema var teamarbeid og kommunikasjon. Alt høyres så sjølvsagt ut når Birgit går gjennom det, og alle veit kor viktig det er med god kommunikasjon. Men eg veit ut frå erfaringar i livet at det ikkje alltid er så enkelt som det kan høyres ut. Ein må heile tida vera merksam på korleis ein kommuniserar med andre, og det hender at ein kan bli litt for ”avslappa” eller gløyme seg ut. Difor er det viktig å stoppe opp litt av og til for å tenkje over korleis ein kommuniserar.

Sjølv om eg har hatt om kommunikasjon tidlegare, ser eg at det er nyttig med oppfrisking og påfyll av emnet frå tid til anna. God kommunikasjon er alltid viktig, og spesielt viktig i det yrket me er på veg mot no. Me får no øva oss i praksisgruppene våre, der me skal jobba i team. Eg synes pedagogikk verkar som eit utruleg spennande fag. Eg følte eg mangla noko då eg var i praksis på ungdomsskulen i fjor, og gler meg til å ha pedagogikk som fag. Trur det vil fylla ut ein del ”hol”. Ser fram til fortsetjinga!

5/9
Får prøva å besvara kommentarane på innlegget om kommunikasjon. Det som eg tykkjer er spesielt viktig, og ekstra lurt når me skal ut i praksis, er jo dette med verbal- og non- verbal kommunikasjon. At me er særleg merksam på at det er samsvar mellom det me seier og det kroppen vår visar, slik at bodskapen blir oppfatta slik den er meint. Det å vere på bølgjelengde. Det er og viktig at me klarar å vera profesjonelle og møta heile mennesket. Var inne og las om kroppsspråk av Karen Zimsen, og kjenner att det som blir skreve frå tidlegare kurs og forelesingar eg har vore på. Eg kan jo berre nikka gjenkjennande til det ho skriv. Når ein blir merksam på dette med kroppsspråk, kan ein kjenna igjen teikna når ein ser dei. Episoden om "Kroppen" var jo interessant og morsom og se, og gav meg en del tanker om måten å kommunisere på. Kjekke program. Elles var det jo veldig kjekt med mime- leken, som eg kjenner igjen frå spel me har spelt i heimen.

27. april -08:
Samarbeidspartnarane for ein lærar er elevar, føresette, kollegaer og andre (fag)personer ein treff i yrket. :)

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eg tykkjer du har mange gode og viktige refleksjonar rundt kor viktig den gode kommunikasjonen er. Var det noko du peika deg ut som spesielt viktig? Eller noko du tykkjer er ekstra lurt når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve til dette med kommunikasjon? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane t.d.?

Birgit :-)

Tone Helen sa...

Du seier at det av og til kan vera litt vanskeleg med kommunikasjon for ein kan bli for "avslappa". Det er eg einig i, men eg tenkjer at det som kanskje er endå meir vanskeleg med god kommunikasjon er når ein ikkje kjem overens. Det hender jo at ein rett og slett ikkje har noko kjemi med ein person overhovude. Det er då problema begnner, meiner eg. Det er ikkje lett å veta kva ein då skal gjera. Det er ofte då ein finn ut om ein person er ein god pedagog eller ikkje. Ein god pedagog, vil i mine auge, gripa fatt i problemet og jobba for å finna ei løysing. Han/ho vil ikkje la personlege meinigar og følelsar komma i vegen.