mandag 20. august 2007
Presentasjon av Kari Å
Hei, hei, eg heiter Kari Åsheim og er 42 år. Eg er opprinneleg frå Bergen, men har budd på Stord sidan 1985. Eg bur i Øklandslio, ca 10 min gange frå skulen. Eg er gift med ein sjømann og har to gutar på 16 og 19 år. Eg går på noke som heiter attføring, dvs at eg går på omskolering pga helseplagar (rygg). Har 3- årig handlesskule og er seinare utdanna helsesekretær. Har jobba med litt ulikt opp gjennom åra, men dei siste 7 åra har eg jobba som sekretær på Stord Sjukehus. Begynte på attføring i fjor med å ta årseining Engelsk. Studentlivet gav meirsmak, og etter å ha vore i praksis på ungdomsskulen i fjor, fekk eg lyst å ta lærarutdanninga. Eg er eit utprega tur- menneske men driv og med trening i basseng. Eg er med i styret i Stord Revmatikarlag, og er også instruktør for trening i varmtvassbasseng. Dette var litt om meg, me blir vel betre kjende etter kvart :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
9 kommentarer:
Fin blogg :-)
Hei, Kari...
Kjekt at studentlivet gav deg meirsmak. Det er alltid lettare når motivasjonen er på topp. Elles har eg sjølvsagt ei lita utfordring til dykk i høve til vidare publisering i bloggen (sjå lærarblogg)... Lukke til!
Birgit :-)
Hoi Kari!
Rekner du med tek med konjakken i kveld? :) Herlig blogg!
Halloen Kari.
Flott blogg du har. Syntes det er topp at det er moglig for deg å finne ein anna retning i livet, når ikkje alt går etter planen. Det er ikkje alle som hadde takla det like bra! Og det er positivt med tanke på det yrke du når har valgt. Ein må lera seg å ta ting litt på strak arm. Det er ikkje alltid ting går som planlagt.
Såg at du hadde skreve inn på ein anna blogg at du skal begynne å spele toradar. Det har eg vore litt borti, så gi beskjed viss me skal ta oss ein trall...
Det hadde vore morosamt.
Hei, Kari!
Håpar eg får høyra deg spela toradar ein gong!!!!!
Anna Kristin
Heisann!
Du må ta med deg toradaren din på skulen ein dag, så du kan spela litt for oss :)
Hallais. Takk for koment;)
Om jeg blir fastboende får vi vel se på, hvem vet? Men koser meg veldig masse foreløpig, så man skal aldri si aldri.
Heisann!
Takk for kommentaren. Du har òg veldig godt humør! Det at du har erfaring med å vera ute i praksis er ein stor fordel for gruppa vår! Eg trur det kan bli kjekt å samarbeide med deg.
Hei Kari
Det er tydeleg at me har enkelte ting til felles - både når det gjeld bakgrunn og interesser. Ser fram til toraderkonsert med deg til våren.......
Legg inn en kommentar