No skal eg prøva om eg hugsar dette som me gjorde i går; å skrive i bloggen. Er ikkje heilt sikker på om eg får det rett til, men eg får prøva. Sjølv om eg tok engelsk i fjor, er eg ikkje kjend med dette verktøyet, då me ikkje brukte det... Alt er vanskeleg før ein kan det, men eg lærer vel dette også, etterkvart!
Så nokre tankar om pedagogikk faget. For meg er det heilt nytt, med mange nye omgrep. Me hadde rett nok didaktikk på engelsk i fjor, men eg må sei eg gler meg til å ha faget pedagogikk. Eg tykkjer det verkar spennande, og gler meg til å læra meir! Eg er samd i det Ane skriv om at ein kan nok lett blanda alle læringsteoriane, og for min del blandar eg allereie dei ulike omgrepa, men det kjem seg vel etter kvart. Gler meg i alle fall til å ta fatt! Eg tenkjer at sidan eg klarte engelsken i fjor, må eg vel klare dette og!
Var inne og såg på "Skulekvardagen. Oppgåver" og vart litt skremt med det same, men når eg hadde lese gjennom det ein gong til, tenkte eg at her får me ta ein ting om gongen, så går det nok bra. Bare eg blir trygg på at eg gjer dette med bloggen rett...
Tenkte eg skulle leggja inn bilete, men det må eg visst spørje noken om korleis eg skal gjere... :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei, Kari...
Øving gjev meister, så her er det berre å setja i gong! I høve til nye omgrep og teoriar kan det kan hende vera ein ide å byggja seg opp si eiga lille ordbok (ei notisbok) der du skriv ned ord og uttrykk som du lærer etterkvart? Elles er det alltid ein fordel å gjera ein ting om gongen, så kjem ein som regel i mål til slutt. Biletet ditt ser eg jo er på plass, så då seier eg berre godt jobba. Det å evna å be om hjelp når ein treng det er enormt viktig!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar