Eit lærarpar eg hugsar godt frå 5. klasse er Berit og Erik. Eg kan ikkje skrive om den eine utan og nevne den andre, difor skriv eg om begge. Det var to klassar på 5. trinnet, og dei var klasseforstandar, som det heitte den gongen, for kvar si klasse. Dei to klassane blei ofte slått i saman, noko me elevar syntast var kjekt.
Berit og Erik var eit umake par! Berit, som var min klasseforstandar, var ei søt, lita og nett dame. Ho hadde glatt, tjukt hår med sideskill, som rakk ho til skuldrane. Eg hugsar eg ønskte meg slikt hår som ho, eg med mine krøller…Ho var (nesten) alltid blid og snill, kunne nok vera litt streng av og til, men me oppfatta ho som rettferdig. Ho var flink til å få alle elevane med og gav omsorg til alle. Me var svært glad i lærerinna vår og hadde stor respekt for ho.
Erik var klasseforstandar for den andre 5. klassen. Han var utruleg høg, og Berit rakk han berre til under armen. Han var slank med breie skuldre og hadde mørkt, kort hår. Han var alltid glattbarbert og var ein flott mann. Me var vel berre 11 år den gongen, men eg trur nesten alle jentene var ”forelska” i han! Han var og snill og blid, streng og rettferdig, slik som Berit. Dei hadde begge eit svært behageleg vesen. Dei samarbeidde godt og passa godt ilag dei to. Det var alltid ei god stemning og eit godt miljø i klassane. Lærarane var unge, flinke og engasjerte, og fekk alle til å føle seg verdfulle.
Det er vel 30 år sidan eg gjekk i 5. klasse men eg tenkjer av og til på dei endå. Trur dei la eit godt grunnlag for videre læring hos oss elevar. Eg har har høyrd gjennom ein barndomsvenn at Berit døydde for nokre år sidan av kreft. Erik arbeidar no som rektor på ein annan skule enn der eg gjekk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Så kjekt det var å lesa om dei to lærarane dine i 5.klasse, som du endå hugsar med så mykje glede. Det er ikkje rart det vert sagt at vi har verdas viktigaste yrke. Lærargjerninga kan påverka eit barn sitt liv på mange måtar, og i dagens skule er vi kan hende dei vaksne i barnet sitt liv som dei ser mest i løpet av ein dag. Det ligg mykje ansvar i å ha ei slik rolle... og det ansvaret må vi vera oss bevisst...
Birgit :-)
Du er flink til å skrive. Veldig fin fortalt historie:-)
Hehe:D Har hatt noen sånne lærere selv, og det var utrolig festlig å se på de der de gikk. De sa, mente og gjorde det samme:)
De må jo være spesielle, siden du husker de enda. Jeg husker ikke alle lærerene jeg har hatt, selv om det er få år siden jeg selv var en av elevene deres.
Da er det bare å ha som mål å bli en sånn lærer som folk husker. (med positive minner..) klarer vi det, har vi oppnåd masse ;D
Hei og takk for kommentar!
Det er ikkje alt som er lika lett nei, eg har site i heila kveld for å prøva å få til matteoppgåver. 5talssystemet. Fekk det til på torsdag, men i dag er det heilt blåst. Men det er vel derfor me er her - for å lærar. Me får berre stå på.
Gerd Elin
Legg inn en kommentar