søndag 30. mars 2008

Yrkesetisk seminar 26- 28 mars -08

Først vil eg sei at etikk generelt er eit interessant, og alltid like aktuelt tema. Det er noko ein kjem borti ved mange høve i livet. Når det gjeld yrkesetikk, er eg kjent med omgrepet frå den tida eg jobba i helsevesenet. Til dømes det med teiingsplikt er noko som er særs relevant, både innafor læraryrket og ulike yrke innan helsevesenet. Teiingsplikta er ikkje berre lovpålagt, men har og stor betyding for å oppretthalde tillit.

I denne økta hadde me om yrkesetikk innafor læraryrket spesielt. Som lærar kjem ein i kontakt med både born og vaksne, og ofte møter me menneske som er i krise eller i ein konfliktsituasjon. Det kan ofte føre til at me kjem opp i ulike etiske dilemma. Me må då vise skjønn og evne til å handle moralsk og etisk riktig ut i frå det som vert forventa av oss som lærar og omsorgsperson. Me må alltid hugse å setje eleven i sentrum, og me må handle til beste for han/ho.

Som lærar har me òg mykje ansvar og stor makt. Det er viktig at me brukar makta vår fornuftig og i tråd med både skrivne og uskrivne lovar og reglar, og i tråd med etiske verdiar og normer. Det er ofte ein fin balansegang her, som ikkje alltid er like lett å handtere. Som lærar har me ikkje berre teiingsplikt, men og opplysningsplikt, og det er like viktig at me er klar over kor tid den skal brukast (til dømes ved alvorleg omsorgsvikt eller mishandling). Det finnast unntak frå teieplikta dersom personen det gjeld gir fritak, eller i saker der det er snakk om straffbare tilhøve.

Desse tre dagane med yrkesetisk seminar var både interessante og lærerike. Det var veldig kjekt å jobbe i litt andre grupper på tvers av klassane. Ein vert betre kjent med dei i den andre klassen, og får litt nye innspel. Me i gruppa laga våre eigne 10 yrkesetiske bod for lærare. Dei må me prøva å leve opp til! :) Elles jobba me med fire ulike case- tilfelle der me skulle definere det grunnleggjande problemet, få fram ulike handlingsalternativ, og til slutt gjere ein konsekvensetisk- og pliktetisk analyse. Siste dagen skulle me framføre casene våre for dei andre gruppene munnleg. Det vart livlege diskusjonar, og eg følte at eg fekk mykje ut av denne måten å jobbe på.

Om eg har fått med meg det vesentlige her, kan me sei at i konsekvensetikk er det konsekvensen eller resultatet av handlinga som er det viktigaste. Er resultatet godt, er handlinga god. I pliktetikken tek ein utgangspunkt i dei lover, regler eller normer som gjeld, og det er dei som er det viktigaste, (det som er rett i seg sjølv) utan omsyn til kva konsekvensen vert.
Det blei litt langt dette, men eg kunne eigentleg skrive mykje meir. Det får eg spare til etikk- oppgåva som skal inn på torsdag :)

SVAR PÅ KOMMENTARER OM YRKESETISKE BOD FOR LÆRARE:

Først vil eg takke for kommentarene :) Eg trur eg vel å kommentere kommentarene ved å leggje ut dei 10 boda me kom fram til. Det vart sjølvsagt litt diskusjon før me kom fram til dei boda me ville ha, men me var i grunnen ganske einige om kva som er viktig. Vonar de får svar på det de spør om her:)

10 yrkesetiske bod for lærare:
1. Læraren må være ein god klasseleiar, vise omsorg og å sjå kvar einskilde elev
- Skape interesse, tillit og tryggleik
2. Læraren må kunne leie læringsprosessen i tråd med gjeldande lovar og reglar
- Teieplikt, opplysningsplikt, tilpassa opplæring
3. Læraren må være ein god arbeidsleiar og ein god rollemodell/forbilde
- Komme presis, være godt forberedt, skape ro, ”alltid på jobb”
4. Læraren må ha evne til å kommunisere og samarbeide
- Med elevane, føresette og kollegaer
5. Læraren må ha evne til å kunne gi og ta imot konstruktiv tilbakemelding
6. Læraren må ha evne til å takle endringar og uførutsette hendingar
- Ingen dag er lik, gode planar må kanskje endrast undervegs, døme: ”episodar frå friminutt"
7. Læraren må ha god fagleg kompetanse
8. Læraren må være kreativ og tenkje positivt
- Variasjon og differensiering
9. Læraren må ha god sjølvinnsikt
- Sjå seg sjølv med andre sine auger
10. Læraren må alltid kunne sjå potensialet hos seg sjølv og andre
- Alle har utviklingspotensiale og positive sider – ulike ”intelligenser”.

Engasjement ser me på som den viktigaste evna for ein god lærar, og kjem som eit underpunkt for alle boda. Etisk refleksjon over læraren si rolle botnar heilt klart i fleire ulike etiske teoriar, yrkesetikken handlar kanskje mest av alt om å utøve skjønn.

Praksisperiode 3; veke 9, 10 og 11 2008

Då var me ferdige med praksis for denne gong, og skal ikkje ut igjen før "neste" skuleår! Altfor lenge til!!

Målet mitt for denne perioden var å bli flinkare til å få ro i klassen, og få til god oppstart og avslutning av timen.

Eg valde dette målet fordi det var ein av dei tinga som Martin (øvingslærar) peika på at eg kunne bli flinkare til under evalueringa etter førre praksisperiode. Då me hadde evaluering etter denne praksisperioden, var dette framleis ein ting eg kunne jobbe meir med. Så eg må vel berre sei at eg ikkje klarte å nå målet mitt heilt for denne perioden, sjølv om eg kanskje var blitt litt flinkare enn sist.

Eg tenkjer meg at dette då framleis må vere eitt av mine mål neste gong me skal ut i praksis.

Det har vore utruleg kjekt å vere i praksis og eg føler eg har lært utruleg mykje. Desse vekene har òg overbevist meg om at eg har valt rett utdanning. Eg har lyst til å bli lærar. Eg har storkost meg ilag med elevane i klassen, og føler at eg fekk god kontakt med dei. Det kjennest meiningsfullt å stå framfor ein klasse å undervise. Samstundes kan det vere ei utfordring, og ingen dagar er heilt like. Det skjer stadig ting som ein må ta på strak arm, og ein kan ikkje tillate seg å ha ein ”dårleg dag”. Men slik er det i andre yrke og, sjølvsagt. Ein må vere profesjonell. I læraryrket må ein òg vere medmenneske og ein god pedagog. Det vert ein ikkje berre av å lese pedagogiske teoriar og gjere oppgåver innan pedagogikk, det treng ein praktisk trening i. Skulle ynskje me hadde mykje meir praksis enn det me har pr. i dag. Det er i praksis me verkeleg får øva oss, og lære å bli lærar!

Elles har me fått vere med på mykje kjekt i denne praksisperioden; rikskonsert, Solidaritetsdag og tur til gruvene på Litlabø. Solidaritetsdagen var til inntekt for ein barneheim i Afrika, og det var ein fryd å sjå ungane i ein annan setting enn i klasserommet, og den iveren dei viste for å vere med på å hjelpe andre barn. Då var det open dag på skulen for familie og vener, med sal av kaffi, mat og ulike varer. Det var og loddtrekking, utstilling og konsertar/framsyning i gymsalen.

Turen til gruvene på Litlabø var i samband med temaet i naturfag, som var ”Ei verd av stein”. Då fekk me omvising og informasjon om korleis det var der då gruvene var aktive. Det blei og tid til å ete nista og leika litt ute.

I tillegg fekk me vere med på oppstart av ”Leselyst prosjektet”, noko som var ein kjekk erfaring. Det å sjå korleis nokre vel ei bok ut frå om han ser interessant og kjekk ut, medan andre vel ei bok ut frå om han er kort og lettlest, visar kor ulike elevane er. Uansett måtte dei lese boka og svare på spørsmål ut frå handlinga, så det var ikkje mogleg å ”juksa”. Det fine ved det er at det var delt opp i 4 ulike nivå, så alle elevane skulle oppleve meistring på sitt nivå.

Me fekk og vist fram resultata våre av dei samansette tekstane me jobba med før me gjekk ut i praksis, og me hadde ei dramaframføring i KRL om undera, som me framførde for elevane.

Skulen hadde litt problem med elev- pc’ane, men me fekk brukt IKT som grunnleggjande dugleik i klassen siste veka me var i praksis. Me valde oss ut eit punkt som står oppført for 5. trinnet i IKT planen for Langeland skule, som seier at elevane skal;
- øve systematisk på tekstbehandling og skrivetempo.
Trinnet har ca 15 elev- pc’ar, så då delte me klassen i to. Dei som ikkje jobba på pc, heldt på med ”Leselyst prosjektet”. Opplegget fungerte fint, og det verka som elevane var interessert i, og hadde trong for, å lære ei anna bruk av pc enn å surfe på internett eller spele spel.

Som sagt; eg har storkost meg i praksis, og ser verkeleg fram til neste praksisperiode. Det var trist å ta farvel med elevane, og det verka som dei syntes det same. Dei hadde lyst at me skulle kome tilbake til dei! Det tek eg som eit teikn på at dei har likt å ha oss der!

Praksiserfaringar frå observasjonspraksis veke 38 -07

(Skulle vore som innlegg nr 6 i 2007- vart gløymt, men no er det komen med! :))

Nokre tankar om korleis elevane sit i klasserommet:
Nokre elevar sit med ryggen inn mot klasserommet og ansiktet ut vindauga. Når lærar underviser/snakkar, må dei vri seg i stolane for å kunne sjå på han/ho. Det skjer store delar av dagen. Dei må og vri seg for å sjå kva som blir skrive på tavla. Eg tykkjer dette fører til uheldige og belastande sitje stillingar for elevane, noko som er ubehageleg og som ein bør unngå. Tenk ergonomi!

Nokre elevar sit heilt i veggen på same vegg som tavla er plassert. Det førar til at dei ikkje kan lesa det som blir skrive på tavla. Dei må då trekke pult og stol lenger bak i klasserommet, noko som fører til unødig støy og forstyrring i undervisninga. Det er og sløsing med tid.

Eg forstår at organiseringa er gjort med hensikt for å skilje dei som er urolege, og for å hindre at einskilde elevar får blikk kontakt. Men eg meiner det kunne vore gjort nokre enkle grep for å unngå dei uheldige sitje stillingane. For dei som sit med ryggen til lærar/klassen, kunne ein sett stolen på andre sida av pulten og skjøvet pulten litt lenger inn i rommet. For å hindre blikk kontakt måtte ein evt flytta på nokre elevar. For dei som sit heilt i veggen kunne ein trekt pultane litt lenger bak i rommet og latt dei stå der. Me diskuterer dette med Martin, og han er heilt enig. Dei har som politikk på Langeland skule at dei helst ikkje skal organiser klasserommet etter”buss” prinsippet. I alle klassar er det rolege og urolege elevar, så eg forstår at det ikkje alltid er like enkelt å finne ein måte som fungerer.

Kva tanker sit eg igjen med, og kva har eg lært i observasjonspraksis?

Dette var siste dag i praksis i denne omgong. Veka har gått utruleg fort og me har fått mange nye inntrykk. Eg trur dei fleste studentane gler seg til å komma tilbake, i alle fall gjer eg det! Me er blitt veldig godt motteke og har fått eit godt inntrykk av skule, elevar og lærarar.

Det har vore artig å sjå korleis lærarane jobbar i klassen. Ein ser så mange døme på dette som me har hatt om i teori; alle oppgåvene ein lærar har. Ein lærar skal sjå alle elevane, vere ein vaksen rollemodell som skal læra borna noko, samstundes som han må vera ein omsorgsperson og ein oppdragar. Dette har me no fått sjå i praksis i klasserommet, og det verkar som det glir naturleg, og heile tida glir inn i kvarandre. Som døme kan eg nemna: To gutar hadde vore stygge med ei jente i friminuttet. Jenta grein, og læraren måtte trøyste. Han måtte også ta dei to gutane til sides og snakka med dei. Deretter tok han temaet opp i plenum i klassen;, om korleis me skal vera mot kvarandre.

Eit anna døme er korleis læraren får alle elevane til å skjøna noko i matematikk eller eit anna fag. Dei skal læra noko, samstundes som han skal halda ro i klassen. Så er det den gongen ein elev strakk handa i veret og fortalde klassen at han har fått eit stereoanlegg av storebror sin. Han berre måtte fortelje det… Ein annan elev vil ikkje delta i det læraren seier dei skal, han verkar lei seg eller nedfor, og læraren må ta seg av han og. Det har vore utallege små og store hendingar i klasserommet denne veka som viser at ein lærar har mange roller og oppgåver i kvardagen som han må takle. Og det beste er at det verkar som det stort sett går greitt… Men eg ser og at det kan vere ein utfordring av og til. Det er ikkje alltid like lett å sjå dei elevane som er stille og roleg, når ein har fleire ”urokråker” i klassen…

Eg trur at desse rollene ein lærar må ha, kjem med erfaring. Ein må sjølvsagt ha det i bakhovudet heile tida, og som ny lærar tenkjer ein gjerne meir på det, men etter kvart som ein får erfaring blir det ein naturleg del av det å vera lærar. Eg vonar eg vil klare å fylle alle desse rollene på ein god måte…

Eg har og merka meg at kvar lærar har sin måte å undervisa på, og at det er mange ulike måter ein kan gjere ting på. Ein kan bruka ulike metodar for å oppnå det same. Til dømes for å få ro i timen- ein kan bruka musikk (CD), ein kan synga, bruke teikn, telje, laga lyd med noko (t.d triangel, tromme ) m.m.

Har eg så nådd målet mitt for veka? Ja, eg kan vel sei det; eg kan (nesten) alle namna, og føler at eg har blitt kjend med lærarar og mange elevar. Eg har også blitt litt kjend med korleis skuledagen artar seg og kvar ulike rom befinn seg.