Det er ikkje tilfeldig korleis me er blitt. Me blir påverka av dei rundt oss frå me er små. Både heim, barnehage og skule har noko å seie for korleis me utviklar oss. Utviklinga av ”sjølvet” er ein gradvis prosess som skjer i samhandling med andre, og er ikkje ein medfødt eigenskap iflg. pedagogen George H. Mead. Det er eg einig i. Han vert og kalla ”leikepedagogen”, og han seier at leik er ein meiningsfull aktivitet som tek vare på spontaniteten, noko som er viktig for utviklinga.
Det er viktig at me som skal jobbe i skulen er klar over korleis me kan påverke andre, og kva som kan spele inn for den einskilde. Lærarens innstilling og veremåte mot elevane har veldig mykje å seie for elevanes utvikling. (Rosenthal- effekten). Som lærar kan me vere med på å byggja opp både sjølvbilete og sjølvtilliten til elevane, ved å la den einskilde elev få lære og utvikle seg som den dei er. Det er viktig at dei får tru på seg sjølv og kva dei kan få til, og å fokusere på det positive. Kvar elev må få føle at han/ho er verdfull, og få lov å utvikle seg individuelt. Ein kan klare å motivere ein elev som ikkje er så flink i matematikk ved å sei t.eks at han har utvikla seg mykje i det siste, faktisk den som har hatt best utvikling av alle, sjølv om eleven ligg på eit lågare nivå enn andre.
Ein metode som er tenkt å vere god for å leggje til rette for ein god utvikling er involveringspedagogikk. Dette var eit nytt ord for meg, men når eg tenkjer på det så har eg høyrt om metoden før. Trur den er mykje brukt i gruppeterapi samtalar? Alle skal delta, og målet er positiv identitet. Eg trur metoden har mykje for seg, då eg trur me kan lære både å våge å sei det me meiner/føler, og å lære å lytte til andre.
Til slutt nokre ord om gutar og jenter si sjølvoppfatning og korleis dei tolkar nederlag og suksess. Interessant å lesa, og det første eg tenkte var; ja, det er typisk! Eg trur nok at det finns variasjonar innafor dette, men eg kjenner meg i alle fall att i det at jenter ”skylder” på ytre årsaker (flaks, lette oppg.) ved suksess, og indre årsaker (manglande evner) ved nederlag. Ein kan lure på kvifor det er slik? Har me jenter for låg sjølvtillit? Kan me endra på det ved å bli flinkare til å tru på eit godt resultat, eller er det grunnleggjande skilnader mellom kjønna som ligg til grunn? Har Rosenthal- effekten noko å seie? Hmm…
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Hei!
Her var det mye interessant å lese:)
Du lurer på om vi jenter har for lav selvtillitt, men gjør det noe om vi jenter og gutter opplever suksess og nederlag forskjellig? Vil du si at det er et kjønnsproblem, eller en kjønnsforskjell?
Din Kritiske venn Ingrid:p
Kanskje det ligg ei stor oppgåve for lærarane her?
Hei, og takk for kommentarer!
Eg trur at me er fødd grunnleggjande ulike som jenter og gutar, ikkje berre fysisk, så eg vil våge å påstå at det er ein kjønnsskilnad! Kjønnet er ein del av vår identitet. Og det er ikkje dermed sagt at det gjer noko i seg sjølv at det er skilnad. Det skal det vel være etter min meining. Som sagt så trur eg heller ikkje at det berre er svart/kvitt. Det finnst nok gutar og jenter som ikkje passar "heilt inn" i det "typiske" kjønnsmønsteret, me er alle ulike som personar. Men eg trur og at det går an å jobbe for at jentar skal få meir/høgare sjølvtillit, og der trur eg kanskje lærarar har ein stor oppgåve å gjere, ja. Læraren sin innstilling og forventning til eleven har mykje å sei for eleven sin faglege utvikling. Trur nok at den kan ha noko å sei for korleis me som gutar og jenter ser på oss sjølv når det gjeld suksess og nederlag og.
Legg inn en kommentar