I dag skulle me ha om motivasjon, men eg må sei eg synast det blei ein veldig rotete dag! Forelesinga me skulle hatt, og som eg såg fram til, vart det ikkje noko av. Det vart mykje att og fram, og me enda opp med å jobbe i grupper på to og to, som så slo seg saman til fire. Me skulle lesa om motivasjon og lage oppgåver til dei andre gruppene. Det var jo for så vidt greitt nok, men eg føler det vart mykje bortkasta tid før me kom så langt. Alt blei så rotete at eg ikkje føler eg fekk nokon raud tråd i det.
Det kan jo hende at det berre var eg som følte det slik, og at årsaka ligg i at hovudet mitt er så fullt av alle dei andre oppgåvene me har for tida, at eg ikkje klarte å konsentrere meg skikkeleg…? Uansett sit eg igjen med ein følelse av at eg ikkje fekk så mykje ut av denne økta!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Hei.
Var nok ikkje berre du som synest denne økta var rotete. Det var ikkje orden på noko ting og få viste kva dei skulle gjera. Opplegget skulle vistnok vera til eit eksempel som me kunne bruka i skulen. Det var greit nok det bortsett fra inndeling i grupper og arbeidsoppgåver. Der var det full forvirring. Så skal me bruka den måten i skulen må ein ha ekstremt fokus på korleis ein deler i grupper slik at det ikkje blir rot og forvirring blant elevar som det var i dag.
Hei, Kari...
Eg trur mykje av den kjensla kjem av at det var ein ukjend arbeidsmetode, som de ikkje var vant med, og som gjekk på tvers av klassane, gjerne?! Det å få innsikt i og prøva ut litt ulike arbeidsmetodar og vinklingar på fagstoffet, er viktig for den "eksemplariske" undervisinga som vi har bestemt at vi skal driva med. Men eg må jo spørja deg litt i høve til det du faktisk las. Kva er skilnaden mellom ytre og indre motivasjon? Kan du kopla teoriane om motivasjon til læringsteoriane du har hatt om? Kva tankar gjer du deg i høve til Maslow og behovshierarkiet hans? Og kva utfordringar trur du at du vil møta i høve til di eiga rolle som motivator? Det var den ilden ein skulle tenna då...?
Birgit :-)
Kanskje det var eit viktig poeng å få fram at det faktisk er svært vanskeleg å organisera gruppearbeid som skal aktivisera alle? Det vart laga ein del arbeidsoppgåver som no ligg klar på Fronter.
Eg heng meg ein tanke på Aashild her. Sjølv om ikkje det faglege nytta innan motivasjon var like "god" som me kanskje forventa, var dette ein mogleghet til å sjå kva gruppearbeidsfeller som ligg i vegen framfor oss.
Er det mogleg å motivere elevane til å fungere med bruk av ein slik arbeidsmetode??
Legg inn en kommentar