Først nokre ord om dei ulike læringsmetodane me hadde ein gjennomgang av i dag. Det som slo meg er at dei fleste metodane går veldig inn i kvarandre, dvs at dei likna på kvarandre. Nokre kan det jamvel vera vanskeleg å skilja... Det var interessant å få ein gjennomgang av dei ulike metodane, og det viste seg at eg har brukt nokre av dei då eg var i praksis på ungdomsskulen i fjor, utan at eg var klar over kva metodane heitte.
Korleis kan me så vera ein god leiar i klassane og få til ein god undervisning? For å lukkast med det er det mange ting som spelar inn. Ein lærar må ha autoritet utan å vera autoritær, dvs at elevane må kjenne respekt for læraren utan å vere redd for han/ho. Som lærar har ein stor makt, og det er viktig at ein er seg bevisst det ansvaret det fører med seg, t.d når det gjeld haldningar og veremåte. Ungar er snare til å fanga opp dei vaksne sine haldningar, og her er det viktig å få foreldra med på lag. Det er og viktig å få til eit godt klasse- og læringsmiljø, og for å få til det må ein lærar vere godt førebudd, byggja relasjonar på alle nivå, gje ekte ros og oppmuntring, og fokusera på alle aspekt som vedkjem trivnad, meistring og tryggleik. For å få gjennomført undervisningen på ein god måte er det heilt nødvendig å få til arbeidsro i klassen. Det betyr ikkje at det må vere musestille i klassen til ein kvar tid, men at elevane ikkje blir forstyrra og avspora av uro. Det er ikkje alltid like lett å få til og kan vera ein stor utfordring for ein lærar, det såg me då me var i praksis!
Ein lærar kjem stundom ut for ekstra utfordrande situasjonar, som til dømes ulike formar for åtferdsproblem og mobbing. Slike situasjonar er det viktig å ta tak i med ein gong, og evt søkja hjelp og støtte tidlegast mogleg. Filmen om Robin Hopsdal frå Bergen som vart mobba på skulen utan at skulen gjorde noko med det, gjorde sterkt inntrykk på meg. Det gjer vondt langt inn i hjarterøtene å høyra om slikt, og eg trur vel eigentleg at det finnst fleire tilfeller enn det me høyrer om. Det visar berre kor viktigt det er å skapa gode haldningar og utvikle empati hos elevane. Som lærar er det svært viktig å fanga opp signala dersom ikkje alt er som det skal vera i klassen eller på skulen i det heile, og gjere noko med det!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Hei Kari! Du har fått med deg mykje som er sentralt for læraryket, og det kjem veldig godt fram. Det er kort og presist skrive og det gjer det lett å lese. Flott! ;)
Må seie den filmen gjorde inntrykk på meg og, ikkje minst kommentaren frå rektoren.
obs: eg trur ikkje "viktigt" er eit godt ord med den t-en på slep.(siste avsnitt, linje 11 ovanfrå)
Takk Ida! Skal passe meg for t'en heretter :)
Hei! Er inne på ein liten "kommentarturnè", så svippar innom deg òg.
Personleg er eg eining det aller meste du skriv, så eg vil berre kome med eit lite tankekors i forhold til autoritet - autoritær haldning.
Etter det Birgit sa om undervisningsmetodane i det finske skuleverket, valde eg å undersøkje det nærare. Gjennom nokre kjensfolk frå det finske ski/klatremiljøet har eg fått ein visst inntrykk av undervisningskvalitet og skulemiljø.
PS! Er klar over at det er noko vagt å ta heile Finland som tgangspunkt etter kun å ha prata med ei lita handfull personar. Likevel tykkjer eg det det kan vera artig å samanlikna.
Det som var tydeleg var at lærarane, særleg i starten av kvart semester, la seg på ei relativt streng linje - heller litt nærare autoritær enn motsett. Deter freistande å trekkje inn ein uskriven regel frå det britiske skuleverket rundt 1900 - "don`t smile before christmas". Dette var utelukka eit verktøy for å framstå som ein sterk leiartype born/ungdom skulle sjå opp til, og kunne ha som "ryggdekning" dersom dei fekk problem. Etter kvart som vekene gjekk mildna dei litt i autoritet, men framleis svært tydelege i alt dei føretok seg, og med klare forventningar til elevane.
Poenget mitt med denne kommentaren er å leggje vekt på, som Birgit òg sa, at den gode lærar må vera ein solid "bærebjelke" for elevane. Den gode lærar må ikkje vera redd for å bruke autoriteten sin til tider. Den gode lærar er òg den som stiller krav til elevane sine.
Takk for kommentar, Bertin :)
Trur eigentleg me er nokså einige! Eg meiner også at ein lærar ikkje må vere redd for å bruka autoriteten sin, men ein bør ikkje vere "autoritær", dvs: at elevane må kjenne respekt for læraren utan å vere redd for han/ho.
Einig der? :-)
Legg inn en kommentar