Først nokre ord om dei ulike læringsmetodane me hadde ein gjennomgang av i dag. Det som slo meg er at dei fleste metodane går veldig inn i kvarandre, dvs at dei likna på kvarandre. Nokre kan det jamvel vera vanskeleg å skilja... Det var interessant å få ein gjennomgang av dei ulike metodane, og det viste seg at eg har brukt nokre av dei då eg var i praksis på ungdomsskulen i fjor, utan at eg var klar over kva metodane heitte.
Korleis kan me så vera ein god leiar i klassane og få til ein god undervisning? For å lukkast med det er det mange ting som spelar inn. Ein lærar må ha autoritet utan å vera autoritær, dvs at elevane må kjenne respekt for læraren utan å vere redd for han/ho. Som lærar har ein stor makt, og det er viktig at ein er seg bevisst det ansvaret det fører med seg, t.d når det gjeld haldningar og veremåte. Ungar er snare til å fanga opp dei vaksne sine haldningar, og her er det viktig å få foreldra med på lag. Det er og viktig å få til eit godt klasse- og læringsmiljø, og for å få til det må ein lærar byggja relasjonar på alle nivå, og fokusera på alle aspekt som vedkjem trivnad, meistring og tryggleik.
For å få gjennomført undervisningen på ein god måte er det heilt nødvendig å få til arbeidsro i klassen. Det betyr ikkje at det må vere musestille i klassen til ein kvar tid, men at elevane ikkje blir forstyrra og avspora av uro. Det er ikkje alltid like lett å få til og kan vera ein stor utfordring for ein lærar, det såg me då me var i praksis!
Ein lærar kjem stundom ut for ekstra utfordrande situasjonar, som til dømes ulike formar for åtferdsproblem og mobbing. Filmen om Robin Hopsdal frå Bergen som vart mobba på skulen utan at skulen gjorde noko med det, gjorde sterkt inntrykk på meg. Det gjer vondt langt inn i hjarterøtene å høyra om slikt, og eg trur vel eigentleg at det finnst fleire tilfeller enn det me høyrer om. Det visar berre kor viktigt det er å skapa gode haldningar hos elevane, og som lærar er det svært viktig å fanga opp signala dersom noko slikt skulle skje i klassen eller på skulen i det heile.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar