lørdag 20. oktober 2007
Grunnsyn og læringsteorier forts.
No har me jobba med grunnsyn og lærings- teorier i to veker, og måndag er det tid for framføring. Eg synast eg har lært mykje av dette arbeidet! Me i gruppa var einige om kva grunnsyn og kva teori me ønskte å leggja vekt på, så det gjekk greitt. Det var ganske mykje å lesa gjennom, så eg følte vel kanskje det tok litt tid å komme "skikkeleg" i gong. Men til slutt vart me ferdige og ganske så fornøgde med arbeidet vårt. No vonar eg berre at me har forstått oppgåva rett… Så kjem fredagen og me skal ha ei siste gjennomgong og øve på framføringa, så visar det seg at det er umogleg å få det til å fungera på maskinane på skulen!! Me fekk til slutt god hjelp av Rune på IKT, så no kryssar me alt me har for at det skal fungera på måndag...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Eg skjønar kva du meiner, me og brukte ein del tid på å prøve å forstå kva oppgåva eigentleg gjekk ut på. Den var veldig open, og det kan jo slå ut begge vegar.
Legg inn en kommentar