søndag 14. oktober 2007

8/10 - Pedagogoisk grunnsyn og læringsteorier

Etter ein kort inspirasjonsøkt til temaet om læringsteoriar gjekk vi saman i praksisgruppene for å byrja å jobbe med oppgåva som vi skal framføre. Hjelp! kva er det vi skal gjere? Eg må sei eg kjende meg noko forvirra. Kva var oppgåva, kva skal vi eigentleg gjere? Trur ikkje eg var helt åleine om det... Men vi sette oss ned og gjekk gjennom presentasjonen til Birgit og framdriftsplanen ein gong til, og fann etterkvart ut kva oppgåva gjekk ut på. Aha, tenkte eg med meg sjølv, her brukar vi problemløysings- metoden for å definera oppgåva. Me fann ut at alle i gruppa trong å lesa meir, så det var første steget.

Men det var litt interessant å sjå metoden i praktisk bruk på oss sjølve. Eg kjende meg kan hende meir forvirra enn dei yngre i gruppa, fordi eg ikkje er vant med slikt. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur at dei som er yngre enn meg er meir kjent med slike måtar å jobbe på. Vel, når vi først hadde definert oppgåva var det jo berre til å setje i gong… Trur det kan bli lærerikt :)

4 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eureka, problemløysing er viktig, og like lærerikt i alle aldrar, etter mitt syn? Gler meg til å sjå kva de kjem fram til neste måndag, og så må de berre koma innom for ein prat om de har nokre spørsmål rundt paradigma, teoretikarane eller framføringa, sant?!

Birgit :-)

Kari sa...

Ja, eg er enig i at problemløysing er viktig, og like lærerikt i alle aldrar. Eg meinte bare at eg ikkje er så vane med å jobbe slik i skulesamanheng, er så lenge sidan eg gjekk på skule, og eg trur ikkje vi brukte problemløysingsmetoden så mykje då?...:)Har i alle fall gløymt da..

Kari sa...

Eg må legga til nokre ord om dette med problembasert læring i denne samanheng (det er jo den metoden vi har brukt i denne oppgåva). Eg kom til å tenkja på at eigentleg brukar vi den metoden mykje i dagleglivet vårt. Til dømes når vi skaffar oss ein ny mobiltelefon; vi må finna ut korleis den verkar- kanskje treng vi hjelp til det og må lesa bruksanvisninga for å få det til. Det er jo ein form for problembasert læring… Så dersom vi tenkjer over det, brukar me metoden veldig mykje (dagleg), utan at vi tenkjer over det…

Ida H. sa...

Du var ikkje aleine om å vera forvirra nei. Kjenner meg att her. he he.

Forresten, unnskyld for at eg har vore så treig med kommentarar, har hatt litt tekniske problem..

hald fram med nynorsken ;)