Først må eg sei nokre ord om oppsummeringa av dei ulike teoriane. Eg som trudde eg hadde lært så mykje etter framføringane forrige veke! (det var det eg skreiv i bloggen i alle fall..). Men når me satt der i dag, føltes det som alt var gløymt! Eg hadde ein del inni hovudet mitt, men eg klarte ikkje å setja ord på det… Uff, eg syntes synd på Birgit som ikkje fekk nokon respons frå elevane sine, det er jo nettopp slikt me ikkje ønskjer frå våre eigne elevar. Alle lærarar ønskjer engasjement og respons frå elevane sine, og det fekk ikkje Birgit i dag. Då blir det tungt å stå der framme og vera lærar. Her må eg (og andre) skjerpa seg!
Så over til oppgåva i ped og matematikk; her har me mykje å jobbe med, eg føler meg litt overvelda! Det er så mykje me må tenka på og å ha med. Men me får vel berre setja oss ned og byrja, så finn me vel ut av det etter kvart… Det bunnar vel litt i at eg føler meg litt usikker i høve til matematikkfaget og. Vonar berre me har nok tid før praksis til å planlegga skikkeleg…
Til slutt i bloggen i dag vil eg sei nokre ord om det me gjekk gjennom på data rommet på slutten av dagen. Det var utruleg bra! Det er jo kjempeviktig at me skriv oppgåva på riktig måte, og me fekk mange gode tips som vil letta det arbeidet og gjere at me sparar mykje tid. For min del var det nyttig og lærerikt!
PS. Har tatt kommentaren om avsnitt til etterretning, og vonar at dette innlegget er litt lettere å lesa. :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Det er no ein gong slik at om ein ikkje kjenner seg heilt trygg på fagstoffet, så "slår ein seg ikkje laus" i plenum og risikerer å gå i "baret". Det ligg i naturen vår trur eg. Eg sleit nok meir med "reisesjuke" frå gårsdagens 15,5 timers retur frå Portugal enn innsatsen i dag, men eg likar jo alltid å ha dykk "med" og engasjerte...
Eg har forresten lagt ut eit dokument med oppsummeringa frå i dag i litt meir detaljerte ordelag. Når det gjeld oppgåva, må du konsentrera deg om å starta med planlegging og gjennomføring, og hugsa på å skriva litt etterkvart, så går nok det her heilt fint. Lukke til!
Birgit :-)
he he.. såg du hadde teke det til etterretning, og det funkar ;)
veldig lett å lese no. eg må sei eg og vart overvelda av oppgåva, det er så vanskeleg å vete kvar ein skal byrje. Føler og tidspresset. Det er ikkje lenge att til praksis no. :S
Legg inn en kommentar