Ja, så var vi ferdig med framføringa i pedagogisk grunnsyn og læringsteoriar (det gjenstår to grupper som skal ha framføringa si neste måndag). Og heldigvis så gjekk det bra og alt fungerte som det skulle, jippi! Birgit sin metode for å roa ned nervøse elevar på før me starta, syntes eg var kjempeflott. Det virka i alle fall på meg! Eg må sei at eg syntest det var utruleg lærerikt og interessant å sjå/høyre dei ulike gruppene! (For ein krativ gjeng me er!) For det første lærte vi mykje når vi jobba med oppgåva, og for det andre lærte vi mykje ved å sjå/høyre kva dei andre gruppene hadde jobba med. Mange av gruppene hadde jo fokus på same teori/ar, men hadde vinkla teoriane og framføringa på ulike måtar, og det gjorde det veldig interessant. Det viste jo i praksis dette med at det er mange måtar å gjere ein "ting" på, og at ein hugsar betre når ein får fleire repetisjonar, og når stoffet blir lagt fram på ulike måtar og med ulike metodar. Så alt i alt syntest eg dette var veldig kjekt og lærerikt! Til slutt vil eg berre gje ein liten kommentar til filmen som min gruppe laga. Etter me sa oss ferdige med presentasjonen, begynte eg å tenke på: hadde me fått til filmen slik me hadde tenkt?, kanskje eg skulle sagt det i stadenfor det?, kanskje me skulle ha filma på nytt? osb.. Ja, ja me fekk la det stå til, det var for seint å endra på noko no. Men etter framføringa fann eg ut folk tolka filmen på ulik måte, og at nokre tolka filmen slik me hadde tenkt. Me hadde klart å skapa ein diskusjon. Då tenkte eg: så flott! Då har me oppnådd noko...
Grunnsynet me i vår oppgåve enda opp på var eit konstruktivistisk grunnsyn, med både kognitiv og sosiokulturell retning. Me tok for oss Vygotsky og Piaget i oppgåva vår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Du har fått med deg mykje av framsyningane og dine tankar om det. Eg kjenner meg att i det du skriv og korleis du tenkjer.
Det einaste eg vil kommentere er at du ikkje brukar avsnitt, noko som ikkje eigentleg har med innhaldet å gjere, men for oss som skal lese det. Blir fort tungt å lese ein så samanhengane tekst.
Elles godt skrive, hald fram med det ;)
Legg inn en kommentar