mandag 7. april 2008

Tilpassa opplæring 31. mars -08

"Alle kan lære alt" - sa J. A Comenius på 1600- talet!
Han var den første som brakte på banen tanken om tilpassa opplæring, og den skulle gjelde for alle!

Som lærar har ein fleire styringsdokument å halde seg til i skulen; Opplæringslova, forskrifter til opplæringslova og Kunnskapsløftet 06. I følgje Opplæringslova har alle rett til tilpassa opplæring i Noreg. Denne retten blei lovfesta i 1998. Tilpassa opplæring er noko som gjeld for alle, og må ikkje forvekslast med spesialundervisning.

Spesialundervisning er og lovfesta i opplæringslova, og vil sei ei undervisning som skal sikre at personar som har ein eller annan form for funksjonssvikt, får ein tilpassa og likeverdig opplæring. Det må "liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven", står det å lese i lova.

Tilpassa opplæring vil sei at den einskilde elev har rett til ein god og forsvarleg opplæring ut frå den einskilde elev sine evner og føresetnader. I følgje LK06 skal undervisninga ikkje berre tilpassast fag og stoff, men og til alderstrinn og utviklingsnivå. Undervisninga skal tilpassast den einskilde elev og den samansette klassen.

Dette kan vere ein stor utfordring for dagens skular og lærarar! Ofte er det 1 lærar i klassar med 25- 30 elevar, og det seier seg sjølv at det kan vere vanskeleg å tilpasse opplæringa til den einskilde. Dette sett store krav til læraren, både fagleg og pedagogisk. Det set krav om at læraren kan sine fag, men og at han har evna til å differensiere lærestoffet og variere arbeidsmåtane og organiseringa. I LK06 er det definert kompetansemål som seier kva eleven skal kunne. Desse måla må brytast ned og formulerast slik at elevane veit når dei har nådd målet. Det må utarbeidast kjenneteikn på måloppnåing, og det krev at læraren har god fagleg kunnskap. Han må kunne skilja mellom måloppnåing på høgt og lågt nivå.

På Langeland skule har dei byrja med noko som heiter IUP (Individuell Utviklings Plan). Det syntest eg verka interessant, og eg synest det verkar som ein fin måte å tilpasse opplæringa på.
Har teke med eit lite utdrag som eg fann på skulen sin heimeside: (http://skule.stord.kommune.no/langeland/iup.htm )
"Ord og uttrykk knytt til IUP:
Mentorsamtale
- Regelbunden samtale mellom elev og kontaktlærar
Stegark
- Konkrete mål og kriteria for måloppnåing
Planleggingsbok
- Her skriv elevane sine mål som dei skal jobba mot.
Portefølje
- Eleven sin skryteperm ( best off )"


Redigert 28/4 -08:
Ein annan måte ein kan få til tilpassa opplæring i praksis, er å bruke individuelle arbeidsplanar. Det tok me i bruk då me var i praksis i samband med eit tema me hadde om. Då laga me arbeidsplanar som elevane jobba med individuelt, gjerne kombinert med stasjonsarbeid og gruppearbeid (arbeidsplanen blei på ein måte ein "stasjon"). Arbeidsplanar kan då innehelde varierte oppgåver av lett – middels – vanskeleg art. Mengda oppgåver kan òg varierast, slik at dei som jobbar raskt og lett har nok oppgåver, og dei som jobbar "seinare" og treng meir tid ikkje får for mange oppgåver.

Det er like viktig å gje dei ”flinke” elevane utfordringar, slik at dei kan utvikla seg vidare, som å gje dei ”svake” elevane oppgåver som kan gi dei meistringsfølelse!

4 kommentarer:

Ingrid Tjøsvoll sa...

Hei Kari!

Lurte på om det ble lagt stor vekt på tilpasset opplæring når du gikk på grunnskolen?

Kari sa...

He he, kan ikkje hugse det, nei... Men me hadde noko som vart kalla "OBS" klassar. Der blei dei elevane som ikkje "klarte" seg i vanlege klassar plassert. Det var ofte dei som var "urolege" eller utanfor "normalen", og eg kan tenkje meg at det var ein del av dei elevane som hadde lese- og skrivevanskar. Men eg trur og at det var ein del av elevane som hadde andre problem som gjekk i dei klassane. Men tilbake til spørsmålet: kan ikkje hugse at me hadde tilpassa opplæring, som til dømes ulike vanskegradar o.s.b. :)

Anonym sa...

Hei Kari!

Disse OBS klassene, hadde de noen nytte eller førte de til sosiale forskjeller mellom dere og dem?

Kari sa...

21/4 -08: Svar på kommentarer

Trur nok at "OBS" klassane førte til litt sosial skilnad på elevane, men samstundes trur eg at det hadde ei nytte for dei som gjekk der. Ved å gå i "OBS" klassen fekk dei i alle fall sjansen til å gjennomføre ungdomsskulen, og dei fekk opplæring som passa deira nivå. Dei fekk og eit sosialt miljø seg i mellom, då alle som gjekk i dei klassane hadde "problem" på ein eller annan måte. "Like barn leiker best" er det noko som heiter, og sjølv om det ikkje alltid stemmer,så trur eg at det kan vere rett i nokre tilfeller :)