onsdag 30. april 2008

REFLEKSJONSNOTAT 30/4- 08




Så var tida komen for å skrive det siste innlegget i bloggen. Skal sei dette skuleåret har gått fort! Det er no litt vemodig òg, synest eg. Og litt rart tenkje på at eg er blitt så fortruleg med å bruke dette verktyet! :) I byrjinga såg eg vel kanskje litt ”svart” på dette med blogging.


Det var heilt nytt for meg, og det var så mykje nytt å setje seg inn i, at eg følte det gjekk ut over konsentrasjonen i sjølve faget i byrjinga. Og det tok tid! Tid tar det for så vidt enno, men det har vore ein heilt fantastisk måte å lære på! Dette med å vere ”kritisk ven”, og lese medstudentane sine bloggar har og vore utruleg lærerikt. (Dei fleste av oss kunne nok vore flinkare til kommentere andre, men for min del har det stått på tid og prioriteringar). Trur aldri eg hadde fått så mykje med meg om eg berre skulle følgt forelesingane og lese for meg sjølv.


Me har hatt dyktige lærarar i faget pedagogikk. Birgit er den me har hatt mest, og ho har vore ei stor motivator og inspirasjonskjelde for meg. Det har til tider vore store arbeidsmengder for oss studentar, men samstundes har Birgit hatt ein kjempejobb med å følgje opp det arbeidet me har gjort, noko ho har gjort på ein framifrå måte! Eg har lært mykje om kor viktig det er å variere undervisninga, korleis ein kan variere undervisninga, og ikkje minst kor viktig det er å vere engasjert! God planlegging er og kjempeviktig for å få til ei god undervisning. Eg suger alt til meg som ein svamp, og vonar eg klarar å ta det med meg vidare når eg ein dag skal ut og undervise.!


Eg synest pedagogikk har vore det absolutt kjekkaste faget i dette skuleåret. Det var heilt nytt for meg, men eg likte det med ein gong! Eg trudde kanskje det ville bli eit tungt og tørt fag, men det har vore stikk motsett - utruleg spennande og interessant! Det er i dette faget eg føler at eg har lært mest. Me ha jo teke for oss ein mengde tema i dette faget, men det som er så kjekt å sjå no mot slutten, er korleis alt heng i saman, som eit kjede! Frå samarbeid/kommunikasjon, læraren sine mange oppgåver, observasjon, å leia basisgruppa, pedagogisk grunnsyn, planlegging, ulike IKT program , born og nye media, motivasjon, sjølvbilete, spes. ped, yrkesetikk, tilpassa opplæring og til rettleiing/vurdering.


Før eg byrja i haust hadde eg aldri tenkt over at det var noko som heitte pedagogisk grunnsyn. Og eg føler at det har teke litt tid før eg kunne seie noko om mitt eige syn. Det kjem seg av at i byrjinga var det så mange teoriar å setje seg inn i. Dernest var det at eg vart litt forvirra, for eg kunne då ikkje halde med berre ein teori? Eg synest jo at det var noko ”godt” i fleire teoriar. Sidan, og spesielt den siste tida, etter oppgåveskriving og revidering av desse, føler eg at eg endeleg kan sei noko om mitt pedagogiske grunnsyn.


Eg har innsett at det ikkje er nokon teori som er den ”absolutt riktige”. Kva teori som er ”gjeldande” har endra seg opp gjennom tidene, parallelt med nye læreplanar og ”trendar” i samfunnet. Det har vel alltid vore ”usemje” om dei ulike teoriane, og diskusjonar om korleis barn lærer best. Alle menneske er ulike, både barn og vaksne. Også lærarar og pedagogar. Derfor vil det alltid vere varierte meiningar i pedagogikken, som i alt anna i samfunnet.


Eg har funnet ut, som eg nett har skrevet i matte/ped oppgåva, at mitt pedagogiske grunnsyn heller mot sosiokulturell - konstruktivistisk- og kognitiv retning. Eg har ”sansen” for teoriane til dei fire teoretikarane eg har teke med i oppgåva, som er Vygotsky, Bandura, Dewey og Piaget. I nokre fag og samanhenger/situasjonar, og for nokre elevar, meiner eg kanskje at den eine teorien høver best, medan ved andre høve er det ein av dei andre som er mest aktuell. Men ofte er det ei kombinasjon av desse som høver best til korleis eg meiner barn lærer best. Litt frå her og litt frå der. Eg meiner til dømes at den sosiokulturelle teorien med vekt på språk, kommunikasjon, aktivitet og samhandling med andre, er den teorien eg byggjer mitt pedagogiske grunnsyn på. Samstundes er det element både frå den konstruktivistiske og den kognitive teorien som eg meiner er verdfulle å ta med i det pedagogsike arbeidet. Men eg ser jo at dette kan ”justere” seg etter kvart som eg får meir erfaring og praksis. Me har jo hatt om andre pedagogar og teoretikarar og, og seier ikkje at dei har ”feil”.


Eg er så gamal at då eg gjekk på skulen var det ikkje så vanleg med prosjektarbeid og gruppearbeid. Undersøkingslandskap og problemløysande metodar er jo nokså nytt, så det har eg aldri vore borti før no. Eg syntes dette nye var vanskeleg, eg var jo ikkje vande med det, og følte vel liten grad av meistring i desse metodane å jobbe på. Etter å ha delteke på førelesingar, i praksis, gjennom å lese i pensumbøker og skrive oppgåver, både individuelt og i grupper, ser eg jo at det kan vere ein god måte å lære på. Eg tenkjer mange gonger med meg sjølv; mon tru om eg hadde hatt eit ”betre forhold” til matematikkfaget dersom det hadde blitt undervist på andre måtar då eg var ung? Det er 27 år sidan eg hadde matematikk sist, og som de skjønar så er eg ikkje så ”fortruleg” med matematikken, sjølv om eg skulle ønskje det ikkje var slik.


Det som eg synest har vore det absolutt kjekkaste gjennom heile dette skuleåret, er å vere ute i praksis. Eg synest me som lærarstudentar skulle hatt meir praksis. Me lærer så utruleg mykje, og det er i praksis me verkeleg får sjå korleis det er å vere lærar, på godt og vondt. Då får me sjå om det er dette me verkeleg har lyst å arbeide med. Eg for min del fekk forsterka mitt ønskje om å bli lærar etter eg hadde vore i praksis. (Eg gler meg allereie til neste gong me skal i praksis!).


Eg trivst godt i lag med elevane i klasserommet, og likte og undervise. Eg har tidlegare hatt eit arbeid der eg arbeidde med menneske, og det har eg fortsett lyst å ha. Det er sjølvsagt mykje ein må ta omsyn til når ein underviser, og noko av det viktigaste er å ha engasjement og verkeleg bry seg om elevane. Det å:
- sjå kvar einskild elev, sørgje for å skape tryggleik og trivnad
- kunne motivere dei og fremje læring, vere positiv og kreativ
- kunne variere og tilpasse undervisninga for kvar elev,
- halde seg oppdatert fagleg,
- ha evne til samarbeid med elev, føresette, kollegaer, skuleleiing og dei ein elles har kontakt med i yrket,
- kunne planleggje og vurdere/evaluere undervisning og læring
- vere ein god arbeidsleiar og rollemodell, tydeleg og strukturert



Eg syntest eg utvikla meg mykje frå den første til den siste praksisperioden. I byrjinga var eg veldig usikker, og redd for å gjere feil. Etter kvart såg eg at det å gjere feil ikkje betydde så mykje, det var då eg lærte mest. Eg følte meg etter kvart tryggare i mi rolle som lærar. Å vere tydeleg ”vaksen” var ikkje så vanskeleg, då eg var det bokstaveleg tala ;). Men det å vere konsekvent og bli flinkare til å få ro i klassen, var nokre av dei tinga eg måtte jobbe litt med. Det kom seg etter kvart det og.

Eg fekk god tilbakemelding på at eg var flink å sjå elevane og hadde god kontakt med dei, og at eg var trygg og tydeleg i lærarrolla. Det synest eg var positivt. Elles merka eg at det å planleggje godt, hadde mykje å sei for korleis undervisninga gjekk. Vurderinga eg fekk frå øvingslærar var god, han meinte eg ville eigne meg godt som lærar. Så då får eg berre vone at han har rett! Eg føler meg i alle fall trygg på at eg ønskjer å arbeide som lærar, så får eg vone at eg klarar å fylle alle dei krava og oppgåvene ein lærar har, slik at læringsutbytte og trivnaden til elevane vert best mogleg!


Samarbeidet med praksisgruppa har vore ei god og lærerik erfaring. Eg synest me har fungert godt ilag. Eg har erfart at ein lærer mykje av det å samarbeide i grupper, og det gjeld generelt om alt gruppearbeidet me har hatt i år. Det har vore berikane og lærerikt.


Samarbeidet med øvingslærar og teamet på praksisskulen har og vore veldig godt. Me har følt oss velkommen og godt ivareteken, og synest dei har gjeve oss god støtte og hjelp undervegs i læringsprosessen. Så takk til dei!




Til slutt vil eg berre takke alle mine medstudentar og lærarar for godt samarbeid og all støtte og hjelp gjennom dette skuleåret. Det har vore eit kjekt år som har gjeve meg mykje lærdom, nokre gråe hår, mange gode og nyttige erfaringar og mange nye vener! Eg gler meg til fortsettinga! God sommar til alle!! :)

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Kari...
Då nyttar eg høve til å takka for i år, ynskja lukke til resten av eksamenane. Det har vore ei gleda å bli betre kjend med deg!

Birgit :-)