Ja, så var me ferdig med punktpraksisen i denne runden. Det blei ein kjempe kjekk dag! Var veldig spent på førehand med tanke på om opplegget ville fungere, og det gjorde det!
Me slo dei to 5. klassane saman, og me studenter planla eit felles opplegg for dei to klassane. Me delte elevane inn i 3 grupper, som alle skulle innom 3 stasjonar i løpet av dagen. Me studenter hadde fordelt oss på dei 3 stasjonane, og hadde ansvaret for opplegget der hele dagen. Det gjorde at me ikkje fekk tid til sjå på det opplegget som dei andre studentane hadde.
Eg var på stasjon med Ida og Mona, og der skulle elevane sitje ved kvar sin pc og læra teksthandsaming. Utstyret fungerte som det skulle, og elevane var aktive og med, og det var ro i klassen. Reine drømme økta! :)
Den største utfordringa, etter mitt syn, er å få tida til å klaffe. Det kan ofte være vanskeleg å berekne på førehand, men i dag klaffa det perfekt! Me hadde ei ekstraoppgåve til dei som trong det, og med den passa tid og opplegg perfekt saman. :)
På slutten av dagen samlast klassane i sine klasserom, og me hadde ei rask gjennomgang av dagen – spurde elevane om kva dei hadde lært, om det hadde vore ein kjekk dag osb. Dei var veldig positive til opplegget den dagen, og det var tydeleg at dei hadde fått med seg mykje. Dei er og veldig positive til oss studentar, og det er jo kjempe kjekt!
Eg gler meg til neste praksisperiode!! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Kjekt å høyre at opplegget fungera! Kva var det opplegget på dei andre stasjonane? Og kva var eigentllig målet dykkar for denne økta innafor IKT?
Cato og Kenneth hadde ein stasjon, der dei brukte prosjektor og gjekk gjennom nettvettreglane og tryggleik på nettet, m.m. Dei hadde og ein anonym spørjeundersøkjing blant ungane for å kartleggje deira tilgong på datamaskin, bruk av internett, kva sider dei brukar m.m. Rebekka og Thomas hadde den siste stasjonen, der elevane skulle jobba i par. Dei skulle velgje seg ein nettvettregel som dei skulle skrive fint på eit farga papir og lage plakat til å henge i klasserommet.
Målet for økta var å komme innom nokre av måla i Langeland skule sin IKT- plan for 5. klasse, der me valde ut nokre punkt å jobbe med denne dagen.
Legg inn en kommentar