Ja så har me byrja på 2008! Skal sei det første halve året har gått fort! Første spretten i det nye året handla om barn og nye medier, og då særleg om trygg og fornuftig bruk av internett, og om lover og reglar for kva som er lov og ikkje lov når det gjeld å bruka det andre har lagt ut. Må sei eg ikkje har tenkt så mykje over det, så det var veldig bra å få ei "påminning"! Det er viktig at me som skal vere vaksne rolle modellar går føre med eit godt eksempel, og ikkje minst gjer ungane merksame på dette!
Må sei eg syntest det var skremmande å sjå kva som skjedde då Ane logga seg på chatte sida. Eg var ikkje klar over kor ille det var (sikkert fordi eg ikkje chatter sjølv…). Men etter å ha sett dette, ser eg at det er endå viktigare å følgje med på kva ungane er inne på når dei er på nett, og ikkje minst byrja tidleg å skapa gode haldningar hos dei. Det er kjempe viktig å få dei til å forstå at dei må vere kritiske til kva dei legg ut på nettet, og ikkje oppgje personlege opplysningar. Me har lese nok historier i avisene om kva som kan skje… Men klart ungar er nyfikne, så det er ikkje alltid like lett å nå heilt fram. Haldningsskapande arbeid er eit viktig stikkord her, og det må byrja tidleg!
Ein annan ting er dette med mobbing. Mobbarane har fått heilt nye kanalar å boltre seg på med internett og mobiltlf. Her må me vaksne vere ekstra obs. Det er ikkje alltid så enkelt å få ungane til å fortelje om det, så her og må me komme tidleg på banen med haldningsskapande arbeid.
Elles fekk me tips om ein del nyttige lenker, til dømes SAFT, dubestemmer.no og redd Barna sine sider. Eg syntest denne økta var tankevekkjande og interessant, og ser at det er viktig at me som framtidige lærarar engasjerer oss i dette! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Kari.
Veldig enig med det du seier her. Haldningskapande arbeid er viktig. Det å forby og nekte slår ikkje alltid like godt ut og kan verka motsettande. Spanande fordi det er forbudt. Bevistgjøring er og utrulig viktig.
PS. Veit ikkje heilt om er trur at du aldri chattar. Ser ofte navnet Kari Å. Dukke opp på div. chatte kanaler:):)
Hehe, det må være ei anna Kari Å...:)
Legg inn en kommentar