mandag 14. januar 2008

14. januar -08: Planlegging av punktpraksis

I dag har me nytta dagen til å planleggje punktpraksisen som me skal ha på Langeland Skule i neste veke, der me skal bruke IKT i undervisninga. Me fekk ei påminning om bruk av "Diamanten" i planlegginga av Birgit før me gjekk kvar til vår gruppe. Den er eit nyttig verktøy i så høve. Mi gruppe hadde allereie planlagt å samarbeide med den andre gruppa som er i 5. klasse. Det er sjølvsagt både fordelar og ulemper å vere så mange om planlegginga, men eg trur det skal gå greitt, og eg føler no at me er kommen godt i gang.

Det er ei utfordring å planleggje når me ikkje har fått skikkeleg svar frå øvings lærarane kva elevane har hatt om i IKT og kva dei kan frå før. Det går på elevføresetnadene i "diamanten". Men me får prøve å laga eit opplegg som er enkelt å justere på etter at me har vore i møte med lærarane på torsdag. Birgit kjem jo alltid med mange gode tips og råd, og klarar som regel å leia oss på rett spor :). Heldigvis har me enno nokre dagar på oss til å få opplegget nokon lunde klart!

Ei anna utfordring er jo utstyret me har til rådvelde på praksis skulen, noko som er ein del av ramme faktorane i "diamanten" Det er jo dessverre slik at det ikkje er nok pc’ar til kvar einskild elev, så her må me tenkja kreativt. Det er synd at økonomien er så stram på skulane i dag at det blir ei utfordring kvar gong ein skal bruka digitalt verktøy! Men slik er det dessverre, så då må me forholda oss til det. Me har vald å slå saman dei to klassane, for så å dela dei inn i tre grupper. Her kjem ei anna ramma faktor inn, nemleg kva rom me har til rådvelde. Mål og innhald er ei anna ramme faktor, og der har Langeland laga si eigen IKT plan. I tillegg har me planane for bruk av IKT i KL06 å halda oss til. Så her er det berre til å slå seg laus! Det blir spennande å prøva ut!

2 kommentarer:

Gunnar sa...

Hallo.

Ser me har skrive litt det samme i dei to bloggane våras denne veka. Eg peika og på dette med dårlig og manglande utstyr. I følge Birgitt skal skulane ha fått ut nye maskinar som er tipp topp oppdaterte. Eg har ikkje sett desse, men men. Fint at du drar inn diamanten i blogginga. Ellers trur eg det er viktig med god kontakt med praksis lærar, for det er lett å bli misforståelsar om ein ikkje kommuniserar bra i lag.

Kari sa...

Så sant, så sant, Gunnar, viktig med god kontakt/kommunikasjon! Eg føler at me har god kontakt, det var vel berre litt kommunikasjonssvikt... Men alt ordner seg, opplegget er klart, og øvingslærarane var veldig fornøydd! :)