søndag 18. november 2007

Etter 1 veke i praksis

Ja så har første veka i praksis gått, og den har gått fort! Det har vore utruleg kjekt og lærerikt, og det har gått bra til no! Det er ei kjekke klasse og greie lærarar me er ilag med, så me føler oss verkeleg velkomne som studentar!

Mi gruppe fekk verkeleg prøvd seg på fredag; då var læraren sjuk, og me fekk ansvaret for klassen heile dagen. I tillegg var ein av studentane på gruppa sjuk. Me hadde eigentleg berre planlagt 2 undervisningstimar, så dei neste 4 timane måtte me planlegga i full fart, og nærast ta på sparket! Men det gjekk eigentleg ganske greit, og ikkje verre enn forventa... Både elevane og me studentar overlevde dagen. :)

Det som eg ser er den største utfordringa for oss, er å berekne tida. Enten rekk me ikkje gjennom det me har planlagt, eller me har for god tid. Det er vel oftast det siste. Me trur ting tar lenger tid enn det dei gjer. Det visar at me alltid må ha noko ”på lur” til dei elevane som er raskt ferdig med oppgåver. Det har vel og hendt at sjølve opplegget er for kort, og då må me improvisera. Det er mindre ”farleg” når me ikkje rekk gjennom alt, for ofte kan me fortsetje på opplegget neste gong dei skal ha samme fag. Dette er vel noko som kjem seg med erfaring... Men uforutsette ting kan skje, og då hender det at til og med dei røynde lærarane kjem til kort med tida.

3 kommentarer:

Håvard Haga sa...

No har me allereie teke diskusjonen om det juridiske rundt det og ha timar aleine utan åsyn av ein lærar, så eg tek ikkje den no. Men det at dykk fekk delegert det ansvaret seier jo også noko om at dykk har gjort ein inntrykk på øvingslærar, og det er jo bra!

Eg er enig i det at timeopplegget kan ofta vere for kort. Det og improvisera er utruleg viktig i skulen. Ikkje minst ser ein behovet for kor viktig det er å ha alternative opplegg for elevar som er raskt ferdig. Det er ein lærar's jobb og ha opplegg for alle elevar, der alle "kan strekka" seg litt.

Det og disponere tida i høve til oppgåver og elevar, er ei utfordring, utan tvil. Kan du gi eksempel for måtar du improviserte på? Evt laga ekstra opplegg?

Kari sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Kari sa...

Hei Håvard!
Det er mange måtar å improvisera på, eller mange "ting" ein kan finne på når me får for god tid, eller opplegget er for kort, i høve til timen. Som døme kan eg nemna; elevane kan lesa i hylleboka si, dei kan teikne (gjerne i høve til tema dei held på med i eit fag), eller dei kan skrive i lykkjeskrift- boka si. Eg laga kryssord i tema humanismen for å ha til dei som blei først ferdig med oppgåvene dei heldt på med.

Første fredagen i praksis hadde me berre planlagt to timar, men måtte ta over alle. To av timane brukte dei til å jobba vidare med eit prosjekt om det gamle Egypt, så det gjekk greitt. Medan to av oss studentar var med i timane der, planla ein student siste timen, der ho planla ei "Hangman" med bruk av ord frå dei tema elevane jobba med, t.d geometri og det gamle Egypt. Det passa bra som ein repetisjon for elevane, samstundes som dei syntest det var veldig kjekt! Det var siste timen fredag…

Elles er det lurt å på førehand tenke ut oppgåver elevane kan jobbe med dersom dei blir tidleg ferdig eller opplegget blir for kort. Eg hadde teke mange kopiar frå læraren si bok for å ha til ekstraoppgåver. Så sette eg av tid til å gå gjennom dei oppgåvene alle hadde gjort :)