søndag 18. november 2007
Etter 1 veke i praksis
Mi gruppe fekk verkeleg prøvd seg på fredag; då var læraren sjuk, og me fekk ansvaret for klassen heile dagen. I tillegg var ein av studentane på gruppa sjuk. Me hadde eigentleg berre planlagt 2 undervisningstimar, så dei neste 4 timane måtte me planlegga i full fart, og nærast ta på sparket! Men det gjekk eigentleg ganske greit, og ikkje verre enn forventa... Både elevane og me studentar overlevde dagen. :)
Det som eg ser er den største utfordringa for oss, er å berekne tida. Enten rekk me ikkje gjennom det me har planlagt, eller me har for god tid. Det er vel oftast det siste. Me trur ting tar lenger tid enn det dei gjer. Det visar at me alltid må ha noko ”på lur” til dei elevane som er raskt ferdig med oppgåver. Det har vel og hendt at sjølve opplegget er for kort, og då må me improvisera. Det er mindre ”farleg” når me ikkje rekk gjennom alt, for ofte kan me fortsetje på opplegget neste gong dei skal ha samme fag. Dette er vel noko som kjem seg med erfaring... Men uforutsette ting kan skje, og då hender det at til og med dei røynde lærarane kjem til kort med tida.
tirsdag 6. november 2007
5/11 - Undervisningsplanlegging
Men eg hugsar dette med den didaktiske relasjonsmodellen ; at ein må sjå undervisningsplanleggjing og undervisning som ein heilskap, og ein må tenkje gjennom flest moglege relasjonar samstundes (diamanten). I planlegginga kjem diamantskjema inn som eit godt hjelpemiddel. Men det var ikkje heilt lett å finne ut kva som skulle stå kvar i det skjemaet frå skulen her. Då syntes eg diamantskjemaet til Langeland skule var enklare. Det var meir tydeleg kva ein skulle skrive i dei ulike kolonnane.
Eg må berre sei at eg føler meg litt stressa for tida. Eg sit her og skal skriva i bloggen, utan heilt å veta kva eg skal skriva om. Eg synest det er vanskjeleg å heile tida ”reflektera” over alt me har om. Det er så utruleg mykje me må tenkja på heile tida, at eg føler meg litt overvelda. Eg føler vel at krava er så store at eg ikkje veit om eg klarar å innfri dei. Og då kjem tvilen om eg verkeleg vil bli lærar og om eg i det heile passar til å vera lærar…
Men no nærmar det seg praksis, og det gler (?) eg meg til… Gleda blir litt overskugga av denne oppgåva i matematikk som me skal ha i samband med praksis. Synest kanskje at det hadde vore betre om me hadde fått den i samband med neste praksis periode, slik at me kunne brukt denne perioden til å ”komme inn i” det og fått sjå korleis ting fungerer i praksis. Då har ein gjerne litt fleir ”knaggar” å henga ting på. Føler me blir litt ”overlessa” no…

Ja, no i ettertid kan eg verkeleg seie at god planlegging er alfa og omega i læraryrket, og det å sjå heilskapen og den einskilde elev er kjempeviktig! Det lærte me då me var ute i praksis. Det er mange ting å tenkje på når ein planlegg. Det er viktig å vere systematisk og målretta når ein planlegg, og til det arbeidet kan ein få god hjelp i den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal & Lieberg (Lyngsnes & Rismark, 2007, s 80). Den er inndelt i seks kategoriar: mål, innhald, læringsaktivitet, vurdering, læreføresetnader og rammefaktorar. Den er utforma som ei diamant for å vise at alle kategoriane er like viktige. Læreføresetnadene handlar om elevane og deira føresetnader; deira interesser og evner, kva dei kan frå før, har dei spesielle behov? og kva som er realistiske læringsmål for den einskilde. Kva er så målet for undervisninga, kva skal elevane lære? Det må me ha klart for oss når me planlegg. Korleis skal me så nå desse måla? Her kjem sjølve innhaldet inn, og det må stå i høve til måla. Korleis kan me sjå om me/elevane har nådd måla? Her brukar me ulike formar for vurdering for å analysere og reflektere over læring og utbytte av undervisninga. Læringsaktiviteten handlar om kva elevane og læraren skal gjere, sjølve aktivteten på læringsarenaen (tidl. kalla klasserommet). Vil vel og seie at organiseringa av undervisninga er eit viktig punkt. Korleis skal t. d. elevane sitje?, skal dei arbeide i grupper, individuelt eller i eit undersøkingslandskap? Her er mykje å ta omsyn til. Rammefaktorar er noko og som kan påverke undervisninga. Det kan vere klassestorleik, timetal, tid, rom, utstyr og oppdaterte lærebøker for å nemne nokre. Rammefaktorane tolkast i stor grad av læraren sjølv, og vil derfor variere. Då kan ein til slutt seie at læraren i seg sjølv er ein rammefaktor som har mykje å seie for undervisning og læring. Ein tenkjer då på læraren sine kunnskapar, haldningar, krativitet, forventningar og innsats.