mandag 10. september 2007

Observasjon


Dette med observasjon er jo noko me gjer heile tida, utan å tenkje over det. Som Bertin skreiv, så byrjar me allereie når me er ganske små. Eg synest det er så kjekt å gå på skule og læra å bli bevisst på slikt! Å observera er jo meir enn berre å ”sjå”. Ein skal tolka det ein ser, og det gjer me jo også heile tida, utan at me er bevisst på det heller. Men etter denne økten vil eg nok vera meir bevisst på det eg observerar, og meir bevisst på korleis eg skal tolka det eg ser. Det er kan hende lett å feiltolke og "synse", og det er mykje som kan påverka vår tolking.

Eg gler meg utruleg til å komma ut i praksis og observera bevisst. Me observerar jo ikkje berre ungane, men og lærarane og andre som arbeidar i skulen, og det kan me læra mykje av, slik me gjorde når me var små. No er me vaksne og bevisste på dette med observasjon, så vonaleg kan me skilja mellom det som er lurt å ta med seg vidare og det som ikkje er så lurt!

Redigert 28/4 -08:
Observasjon er ein kjent metode i kartlegging (Ekeberg & Holmberg, 2004). Observasjon i skulen er eit viktig reiskap for ein lærar for å kunne leggje til rette undervisning, både for einskild elevar og for heile grupper. Observasjonen dannar grunnlaget når ein seinare skal evaluere ulike tiltak, og kan gi læraren verdfull informasjon om ein elev eller grupper av elevar. Ein kan rette fokus mot ulike sider ved ein elev, til dømes åtferd, læringsstrategiar eller samhandling med andre.

Det er viktig å vere bevisst på kva som skal observerast, og det kan gjerast både systematisk og meir usystematisk. Å føre logg er eit eksempel på systematisk observasjon. Det er ein slags dagbok der ein skriv ned det ein observerer. Dette kan brukast både av lærar og elev. Det er då viktig og ikkje tolke og vurdere under sjølve observasjonen, men beskrive best mogleg det ein ser, og heller gjere tolkinga i etterkant.

Andre døme på observasjonsmetodar er minuttobservasjon, sosiogram, strukturert observasjon og løpende protokoll. Minuttobservasjon har kort varigheit (5 til 15 minutt), og ein observerar noko konkret, som eleven sin aktivitet eller åtferd i samspel med andre. Her kan ein bruke skjema for å systematisere det ein observerar. Her og skjer tolkinga i etterkant.

Eit sosiogram kan brukast for å gi ein oversikt over kontakten mellom lærar/elev og elevar i mellom. Ein observerar då samspillet og kommunikasjonsmønstera, og kan dermed få ein innsikt i dei sosiale relasjonane.

Eit strukturert observasjonsskjema kan brukast når ein ønskjer å kartleggje spesifikke område, t.d innafor samspel. Ein skriv ned kva ein vil observere og set opp ei tidsramme for observasjonen.

Løpende protokoll og logg glir gjerne litt over i kvarandre, men i løpende protokoll ønskjer ein gjerne å registrere det som skjer over tid. Den har ein planlagt hensikt, og går ut på å observer åtferda til ein elev i ein bestemt situasjon. Ein kan då få informasjon om det finnast eit mønster i det som skjer, eller om det skjer ein endring. Når observasjonen er ferdig, er det viktig å strukturere og samanlikne protokollen med andre observasjonar.

onsdag 5. september 2007

Læraren sitt mandat & mange oppgåver


Etter nok ei økt med pedagogikk må eg sei at faget tiltalar meg meir og meir. Eg må berre få sei at eg har stor sans for Birgit og måten ho underviser på! Vonar at eg ein gong kan bli ei slik inspirasjonskjelde!

Så over til mine tankar omkring temaet me hadde om i dag. Heilt ærleg så vart eg litt skremd over lærar yrket i dag… Det er så utruleg mange oppgåver for ein lærar, og ikkje minst roller. Eg sat og tenkte på; klarar eg alt dette? Er det nok med 2 år i allmennlærar utdanninga (+ to år med andre fag) for å ta på meg ei slik oppgåve det er å vera lærar? Det er jo så mykje ein må setta seg inn i. Og for eit ansvar! Eg var nok ikkje heilt klar over omfanget av det å vera lærar…

Men no er eg i gong, og når eg tenker på min tidlegare erfaring frå arbeidslivet, så veit eg jo at ingen er ferdig utlært når dei kjem rett frå ei utdanning. Ein lærer gjennom praktisk arbeid, så ein del ting går seg vel til etter kvart. Målet må jo vera å bli ein god lærar. Og då er det viktig å vera engasjert og oppriktig interessert i det ein held på med (både i faga og i menneska). Eg er einig med Inge Eidsvåg i at "læreryrket er spesielt". Han seier og at sjølve fundamentet for lærarrolla er å væra glad i menneske, og det er eg! Så no når eg har fått gått over og fordøydd det me har vore gjennom i dag, tenkjer eg at dette skal eg klara! Eg var inne og las utdraget frå boka hans, "Den Gode Lærar", og vil gjerne sitere noko som stod der:

"Gjennom lærerens undervisning skal barnet lære seg og fjerne seg fra undervisningen. Gjennom påvirkning skal skolen danne mennesker, som ikke lar seg styre av påvirkning. Den pedagogiske autoritet er den eneste autoritet som har som mål og oppheve seg selv".

Eg syntest det var godt sagt! Særleg det om påverknad; det går jo mykje på det me gjekk gjennom i dag om læraren sin rolle i oppdraginga (s. 12: "skal hjelpa eleven å":….).
Inge Eidsvåg skriv vidare om den romerske læraren Quintilian (35- 100 e. Kr.) som var sterkt inspirert av gresk kultur. Quintilian skreiv eit stort verk om undervisning som har vandra gjennom hundrar av år. Han var den første som skreiv om at ein god lærar måtte forstå elevane og deira kjensler ("sjå" det einskilde barnet og møte heile mennesket).Han fordømde fysisk straff, noko som var uhøyrd den gongen. (Det skulle gå nesten 2000 år før det vart avskaffa i norske skular!). Han skriv om at læraren alltid må ta omsyn til eit barn sin utvikling, slik at det ikkje blir pressa (tilpassa opplæring). Det vil då kunne komme til å hate all undervisning. Å lære må vera prega av lyst, noko ein aldri kan tvinge fram. Lysta må ein vekkja ("å være lærer handler først og fremst om å gi barn lyst til å lære og mot til å leve"). Ein klok lærar gjer seg nytte av barnet sine positive impulsar (tilretteleggje for andre si læring).

Så me kan seie at tilpassa opplæring ikkje er ein ny ide, men tankar som skriv seg frå Quintilian for snart 2000 år sidan. Det tykkjer eg er interessant å lesa, i desse tider der ein heile tida snakkar om "nye" idear og læreplanar!

Ja, så hadde me jo også noko om det å bli ein god nettjeger.. Lærte noko nytt der og gitt! Godt å få ein gjennomgong av slikt, er nok ikkje den som er flinkast til å søkje etter ting på nettet. No må eg berre bruka det før eg gløymer korleis me skulle gjere det... Ser jo at det Birgit viste oss kjem til å bli både nyttig og naudsynt for oss å bruka.

Redigert 28/4 -08:

Som tidlegare nemnd i dette innlegget, vart eg litt skremt over alle oppgåvene ein lærar har, og alle dei rollene ein lærer må fylle. Det eg tenkjer meg blir den største utfordringa for meg som lærar når eg skal stå på eigne bein, er nok kravet om tilpassa opplæring. Eg meiner ikkje at det er eit ”dårleg” krav, men at det kan blir vanskeleg å innfri. I alle fall med dei ressursane som finnast i skulen i dag. Då tenkjer eg på at det er altfor mange elevar pr. lærar.

Ein anna ting eg trur kan gi meg utfordring, er kan hende planlegginga. God planlegging trur eg er alfa og omega for ein god undervisning, og det er viktig å vere kreativ for å variere undervisninga. Det kan nok være litt utfordrande når ein er fersk lærar, men når det er sagt, trur at det er noko som går seg til når ein har komme seg ut i ”tralten”. Trur ein lærer etter kvart kva som må til.

Sjølve undervisninga trur eg vil gå greitt om berre planlegginga er grundig nok. Trives å stå framfor elevane, og vere ilag med dei i klasserommet. Då kjem eg til slutt til omsorgsdelen og samarbeidet med føresette, som eg ser på som det som vil vere ”minst vanskeleg”. Der har eg erfaring som eg kan dra nytte av, både som mor og tidlegare helsearbeidar. Eg reknar sjølvsagt med at det vil dukke opp etiske problemstillingar og utfordringar undervegs på det feltet og, men det er ikkje noko eg kvir meg til :)

mandag 27. august 2007

Ein (to) lærar(ar) eg hugsar godt

Eit lærarpar eg hugsar godt frå 5. klasse er Berit og Erik. Eg kan ikkje skrive om den eine utan og nevne den andre, difor skriv eg om begge. Det var to klassar på 5. trinnet, og dei var klasseforstandar, som det heitte den gongen, for kvar si klasse. Dei to klassane blei ofte slått i saman, noko me elevar syntast var kjekt.

Berit og Erik var eit umake par! Berit, som var min klasseforstandar, var ei søt, lita og nett dame. Ho hadde glatt, tjukt hår med sideskill, som rakk ho til skuldrane. Eg hugsar eg ønskte meg slikt hår som ho, eg med mine krøller…Ho var (nesten) alltid blid og snill, kunne nok vera litt streng av og til, men me oppfatta ho som rettferdig. Ho var flink til å få alle elevane med og gav omsorg til alle. Me var svært glad i lærerinna vår og hadde stor respekt for ho.

Erik var klasseforstandar for den andre 5. klassen. Han var utruleg høg, og Berit rakk han berre til under armen. Han var slank med breie skuldre og hadde mørkt, kort hår. Han var alltid glattbarbert og var ein flott mann. Me var vel berre 11 år den gongen, men eg trur nesten alle jentene var ”forelska” i han! Han var og snill og blid, streng og rettferdig, slik som Berit. Dei hadde begge eit svært behageleg vesen. Dei samarbeidde godt og passa godt ilag dei to. Det var alltid ei god stemning og eit godt miljø i klassane. Lærarane var unge, flinke og engasjerte, og fekk alle til å føle seg verdfulle.

Det er vel 30 år sidan eg gjekk i 5. klasse men eg tenkjer av og til på dei endå. Trur dei la eit godt grunnlag for videre læring hos oss elevar. Eg har har høyrd gjennom ein barndomsvenn at Berit døydde for nokre år sidan av kreft. Erik arbeidar no som rektor på ein annan skule enn der eg gjekk.

Tanker om teamarbeid og kommunikasjon

I dag har vi hatt den første "skikkelege" økta i pedagogikk, og tema var teamarbeid og kommunikasjon. Alt høyres så sjølvsagt ut når Birgit går gjennom det, og alle veit kor viktig det er med god kommunikasjon. Men eg veit ut frå erfaringar i livet at det ikkje alltid er så enkelt som det kan høyres ut. Ein må heile tida vera merksam på korleis ein kommuniserar med andre, og det hender at ein kan bli litt for ”avslappa” eller gløyme seg ut. Difor er det viktig å stoppe opp litt av og til for å tenkje over korleis ein kommuniserar.

Sjølv om eg har hatt om kommunikasjon tidlegare, ser eg at det er nyttig med oppfrisking og påfyll av emnet frå tid til anna. God kommunikasjon er alltid viktig, og spesielt viktig i det yrket me er på veg mot no. Me får no øva oss i praksisgruppene våre, der me skal jobba i team. Eg synes pedagogikk verkar som eit utruleg spennande fag. Eg følte eg mangla noko då eg var i praksis på ungdomsskulen i fjor, og gler meg til å ha pedagogikk som fag. Trur det vil fylla ut ein del ”hol”. Ser fram til fortsetjinga!

5/9
Får prøva å besvara kommentarane på innlegget om kommunikasjon. Det som eg tykkjer er spesielt viktig, og ekstra lurt når me skal ut i praksis, er jo dette med verbal- og non- verbal kommunikasjon. At me er særleg merksam på at det er samsvar mellom det me seier og det kroppen vår visar, slik at bodskapen blir oppfatta slik den er meint. Det å vere på bølgjelengde. Det er og viktig at me klarar å vera profesjonelle og møta heile mennesket. Var inne og las om kroppsspråk av Karen Zimsen, og kjenner att det som blir skreve frå tidlegare kurs og forelesingar eg har vore på. Eg kan jo berre nikka gjenkjennande til det ho skriv. Når ein blir merksam på dette med kroppsspråk, kan ein kjenna igjen teikna når ein ser dei. Episoden om "Kroppen" var jo interessant og morsom og se, og gav meg en del tanker om måten å kommunisere på. Kjekke program. Elles var det jo veldig kjekt med mime- leken, som eg kjenner igjen frå spel me har spelt i heimen.

27. april -08:
Samarbeidspartnarane for ein lærar er elevar, føresette, kollegaer og andre (fag)personer ein treff i yrket. :)

torsdag 23. august 2007

KVIFOR EG VIL BLI LÆRAR OG KVIFOR EG VALDE HSH STORD

Eigentleg var det noko tilfeldig at eg hamna på studiet for allmennlærar. Det er ikkje slik at eg har hatt noko ønske om å bli lærar. Eg har arbeida som sekretær på sjukehuset på Stord i ca 7 år, og trivst veldig godt i jobben min. Men så fekk eg kroniske problem med ryggen, og hamna på yrkesretta attføring. Eg måtte finne meg ein jobb der eg ikkje sit så mykje i ro.

Eg har alltid likt engelsk, og i august i fjor "heiv" eg meg på ein rest plass på årseining i engelsk. Det var utruleg kjekt! Student livet gav meirsmak. Me var i praksis på ungdomsskulen, noko eg likte kjempegodt, og fann ut at eg godt kunne tenkje meg å verta lærar.

Kvifor HSH på Stord? Sidan eg bur i Øklandslio (10 min frå skulen) var ikkje valet så vanskeleg! Kvifor hoppe øve bekken etter vatn? Visste jo også at skulen har godt ord på seg, då eg kjenne fleire som har vore studentar her. :)

tirsdag 21. august 2007

Tanker om blogg og pedagogikk

No skal eg prøva om eg hugsar dette som me gjorde i går; å skrive i bloggen. Er ikkje heilt sikker på om eg får det rett til, men eg får prøva. Sjølv om eg tok engelsk i fjor, er eg ikkje kjend med dette verktøyet, då me ikkje brukte det... Alt er vanskeleg før ein kan det, men eg lærer vel dette også, etterkvart!

Så nokre tankar om pedagogikk faget. For meg er det heilt nytt, med mange nye omgrep. Me hadde rett nok didaktikk på engelsk i fjor, men eg må sei eg gler meg til å ha faget pedagogikk. Eg tykkjer det verkar spennande, og gler meg til å læra meir! Eg er samd i det Ane skriv om at ein kan nok lett blanda alle læringsteoriane, og for min del blandar eg allereie dei ulike omgrepa, men det kjem seg vel etter kvart. Gler meg i alle fall til å ta fatt! Eg tenkjer at sidan eg klarte engelsken i fjor, må eg vel klare dette og!

Var inne og såg på "Skulekvardagen. Oppgåver" og vart litt skremt med det same, men når eg hadde lese gjennom det ein gong til, tenkte eg at her får me ta ein ting om gongen, så går det nok bra. Bare eg blir trygg på at eg gjer dette med bloggen rett...
Tenkte eg skulle leggja inn bilete, men det må eg visst spørje noken om korleis eg skal gjere... :)

mandag 20. august 2007

Presentasjon av Kari Å

Hei, hei, eg heiter Kari Åsheim og er 42 år. Eg er opprinneleg frå Bergen, men har budd på Stord sidan 1985. Eg bur i Øklandslio, ca 10 min gange frå skulen. Eg er gift med ein sjømann og har to gutar på 16 og 19 år. Eg går på noke som heiter attføring, dvs at eg går på omskolering pga helseplagar (rygg). Har 3- årig handlesskule og er seinare utdanna helsesekretær. Har jobba med litt ulikt opp gjennom åra, men dei siste 7 åra har eg jobba som sekretær på Stord Sjukehus. Begynte på attføring i fjor med å ta årseining Engelsk. Studentlivet gav meirsmak, og etter å ha vore i praksis på ungdomsskulen i fjor, fekk eg lyst å ta lærarutdanninga. Eg er eit utprega tur- menneske men driv og med trening i basseng. Eg er med i styret i Stord Revmatikarlag, og er også instruktør for trening i varmtvassbasseng. Dette var litt om meg, me blir vel betre kjende etter kvart :)