mandag 14. januar 2008

14. januar -08: Planlegging av punktpraksis

I dag har me nytta dagen til å planleggje punktpraksisen som me skal ha på Langeland Skule i neste veke, der me skal bruke IKT i undervisninga. Me fekk ei påminning om bruk av "Diamanten" i planlegginga av Birgit før me gjekk kvar til vår gruppe. Den er eit nyttig verktøy i så høve. Mi gruppe hadde allereie planlagt å samarbeide med den andre gruppa som er i 5. klasse. Det er sjølvsagt både fordelar og ulemper å vere så mange om planlegginga, men eg trur det skal gå greitt, og eg føler no at me er kommen godt i gang.

Det er ei utfordring å planleggje når me ikkje har fått skikkeleg svar frå øvings lærarane kva elevane har hatt om i IKT og kva dei kan frå før. Det går på elevføresetnadene i "diamanten". Men me får prøve å laga eit opplegg som er enkelt å justere på etter at me har vore i møte med lærarane på torsdag. Birgit kjem jo alltid med mange gode tips og råd, og klarar som regel å leia oss på rett spor :). Heldigvis har me enno nokre dagar på oss til å få opplegget nokon lunde klart!

Ei anna utfordring er jo utstyret me har til rådvelde på praksis skulen, noko som er ein del av ramme faktorane i "diamanten" Det er jo dessverre slik at det ikkje er nok pc’ar til kvar einskild elev, så her må me tenkja kreativt. Det er synd at økonomien er så stram på skulane i dag at det blir ei utfordring kvar gong ein skal bruka digitalt verktøy! Men slik er det dessverre, så då må me forholda oss til det. Me har vald å slå saman dei to klassane, for så å dela dei inn i tre grupper. Her kjem ei anna ramma faktor inn, nemleg kva rom me har til rådvelde. Mål og innhald er ei anna ramme faktor, og der har Langeland laga si eigen IKT plan. I tillegg har me planane for bruk av IKT i KL06 å halda oss til. Så her er det berre til å slå seg laus! Det blir spennande å prøva ut!

10. januar -08: Photostory, Mooviemaker, Cartoonist, Pivot og Paint


I dag skulle me prøva ut nye verktøy som me kan bruke i vår produksjon av samansett tekst. Eg (og nokre andre) som måtte låna berbar pc på IKT hjelp, fekk litt startproblem i høve til dette. Det blei litt springing opp og ned, noko som resulterte i at me kom litt seint i gang, men me fekk no prøvd oss litt til slutt.

Eg er ikkje vane med å bruka slike program, så dette var nyttig og interessant! Det har vorte mykje nytt å fordøye når det gjeld bruk av slike typar program, både dei me har lært om i dag, og bilethandsaming og animasjon, men eg vonar og trur at det skal gå bra :)

Photostory og Mooviemaker har eg ikkje fått tid til å sjå meir på, men me fekk tid til å prøva oss i Cartoonist og Pivot m/Paint, og det var kjempegøy! No vonar eg berre at eg hugsar det igjen når me skal byrja på den digitale samansette teksten vår! Eg synest i alle fall at det er veldig kjekt å få høve til å lære å bruka slike program, det opnar ei heilt ny verd! Det er ikkje berre gøy, det er jo og eit godt og nyttig reiskap å bruka i arbeidet som lærar. Reknar med at me kjem til å bli røynde i bruken før me er ferdig utdanna lærar :)

Redigert 30/4-08:

Skal leggje til litt om den samansette teksten. Eg og Geir Martin samarbeidde om å lage den samansette teksten, og me valde ein kjend bok av Torbjørn Egner, nemleg "Folk og røvare i Kardemomme by". Me valde denne fordi det er ei bok me beggje kjende godt frå før, og har hatt mykje glede av ilag med eigne ungar. Samarbeidet gjekk knirkefritt :) Det første me gjorde var å innhente tillating til å bruke bilder og tekst frå boka frå forlaget. Så gjekk me igang med å skrive tekst, filme, spele inn lyd og lage animasjon. Til slutt var det å setje alt i saman til eit ferdig produkt, og me vart ganske førnøydde med resultatet!

torsdag 10. januar 2008

BARN OG NYE MEDIUM

Ja så har me byrja på 2008! Skal sei det første halve året har gått fort! Første spretten i det nye året handla om barn og nye medier, og då særleg om trygg og fornuftig bruk av internett, og om lover og reglar for kva som er lov og ikkje lov når det gjeld å bruka det andre har lagt ut. Må sei eg ikkje har tenkt så mykje over det, så det var veldig bra å få ei "påminning"! Det er viktig at me som skal vere vaksne rolle modellar går føre med eit godt eksempel, og ikkje minst gjer ungane merksame på dette!

Må sei eg syntest det var skremmande å sjå kva som skjedde då Ane logga seg på chatte sida. Eg var ikkje klar over kor ille det var (sikkert fordi eg ikkje chatter sjølv…). Men etter å ha sett dette, ser eg at det er endå viktigare å følgje med på kva ungane er inne på når dei er på nett, og ikkje minst byrja tidleg å skapa gode haldningar hos dei. Det er kjempe viktig å få dei til å forstå at dei må vere kritiske til kva dei legg ut på nettet, og ikkje oppgje personlege opplysningar. Me har lese nok historier i avisene om kva som kan skje… Men klart ungar er nyfikne, så det er ikkje alltid like lett å nå heilt fram. Haldningsskapande arbeid er eit viktig stikkord her, og det må byrja tidleg!

Ein annan ting er dette med mobbing. Mobbarane har fått heilt nye kanalar å boltre seg på med internett og mobiltlf. Her må me vaksne vere ekstra obs. Det er ikkje alltid så enkelt å få ungane til å fortelje om det, så her og må me komme tidleg på banen med haldningsskapande arbeid.
Elles fekk me tips om ein del nyttige lenker, til dømes SAFT, dubestemmer.no og redd Barna sine sider. Eg syntest denne økta var tankevekkjande og interessant, og ser at det er viktig at me som framtidige lærarar engasjerer oss i dette! :)

lørdag 29. desember 2007

ANIMASJON OG BILETHANDSAMING!




I dag var me i datalaben og lærte litt om bilethandsaming og animasjon, og det var kjekt! Skulle ønskt at me kunne hatt mykje meir om det... Det gjekk litt fort i svingane, og eg klarte ikkje heilt å få med meg alt. Syntes det var litt mykje å sette seg inn i sånn på eit par timar. Men tenk så kjekt det hadde vore å kunna det skikkeleg! Vonar det blir tid til det ein annan gong og! Skulle prøva å legga til animasjonen min, men veit ikkje om eg har fått det heilt til... me får sjå... Det er jo utruleg mykje kjekt og nyttig ein kan bruka dei programma til. No har ikkje eg dei programma på maskinen min heime, så eg har ikkje fått prøvd meg på det heime, men tenkte eg skulle bruka ein maskin på skulen etter juleferien og prøva litt.

5/1-08: Må berre leggja til at eine sonen min har Adobe Photoshop på sin maskin, så no har eg fått laga plakaten min ferdig! Det var kjekt å sitja i fred og ro heime å laga plakaten, då hadde eg god tid til å prøve og feile. Lærte mykje av det. Og det er jo eit hav av moglegheiter!! Utruleg kjekt!! :)

søndag 2. desember 2007

Praksisoppsummering/turdag 26.11.07

Første dag på skulen etter praksis var ein veldig kjekke dag! Då gjekk me ein herleg tur i Landåsen, for så å enda opp heime hos Birgit, der me fekk servert nysteika vaflar! Snakk om å kunne variere opplegget! Der er Birgit suveren!!



Medan ho steika vaflar, sat me studentar, på tvers av klassane, i koselege omgjevnader og i ein herleg duft, og delte erfaringar og opplevingar i frå praksis. Det kunne ikkje vore betre! Eg fekk i alle fall ein "mjuk" overgang frå å ha hatt ei kjempe kjekke praksis, til å komme tilbake til skulebenken, med ein oppgåve som låg å venta! Opplegget den dagen gav meg det litle ekstra som skulle til for å komma i gang igjen… Det var jo og sjølvsagt kjekt å få høyra korleis dei andre hadde hatt det i praksis, og deira erfaringar. Spesielt dei som hadde vore på den andre skulen, for då fekk me nye innspel.



Tusen takk Birgit!! :)

søndag 18. november 2007

Etter 1 veke i praksis

Ja så har første veka i praksis gått, og den har gått fort! Det har vore utruleg kjekt og lærerikt, og det har gått bra til no! Det er ei kjekke klasse og greie lærarar me er ilag med, så me føler oss verkeleg velkomne som studentar!

Mi gruppe fekk verkeleg prøvd seg på fredag; då var læraren sjuk, og me fekk ansvaret for klassen heile dagen. I tillegg var ein av studentane på gruppa sjuk. Me hadde eigentleg berre planlagt 2 undervisningstimar, så dei neste 4 timane måtte me planlegga i full fart, og nærast ta på sparket! Men det gjekk eigentleg ganske greit, og ikkje verre enn forventa... Både elevane og me studentar overlevde dagen. :)

Det som eg ser er den største utfordringa for oss, er å berekne tida. Enten rekk me ikkje gjennom det me har planlagt, eller me har for god tid. Det er vel oftast det siste. Me trur ting tar lenger tid enn det dei gjer. Det visar at me alltid må ha noko ”på lur” til dei elevane som er raskt ferdig med oppgåver. Det har vel og hendt at sjølve opplegget er for kort, og då må me improvisera. Det er mindre ”farleg” når me ikkje rekk gjennom alt, for ofte kan me fortsetje på opplegget neste gong dei skal ha samme fag. Dette er vel noko som kjem seg med erfaring... Men uforutsette ting kan skje, og då hender det at til og med dei røynde lærarane kjem til kort med tida.

tirsdag 6. november 2007

5/11 - Undervisningsplanlegging

Måndag gjekk Åshild gjennom kva ein lærar må tenkja gjennom når han/ho planlegg undervisninga.. Ho snakka om teser for god undervisning, omgrepet ”didaktikk” og ulike definisjonar på ordet, didaktisk relasjonsmodell, rammefaktorar, læringsmål, føresetnader og mykje meir. Eg må sei eg har litt problem med å hugsa alt. Det er så utruleg mange ord…

Men eg hugsar dette med den didaktiske relasjonsmodellen ; at ein må sjå undervisningsplanleggjing og undervisning som ein heilskap, og ein må tenkje gjennom flest moglege relasjonar samstundes (diamanten). I planlegginga kjem diamantskjema inn som eit godt hjelpemiddel. Men det var ikkje heilt lett å finne ut kva som skulle stå kvar i det skjemaet frå skulen her. Då syntes eg diamantskjemaet til Langeland skule var enklare. Det var meir tydeleg kva ein skulle skrive i dei ulike kolonnane.

Eg må berre sei at eg føler meg litt stressa for tida. Eg sit her og skal skriva i bloggen, utan heilt å veta kva eg skal skriva om. Eg synest det er vanskjeleg å heile tida ”reflektera” over alt me har om. Det er så utruleg mykje me må tenkja på heile tida, at eg føler meg litt overvelda. Eg føler vel at krava er så store at eg ikkje veit om eg klarar å innfri dei. Og då kjem tvilen om eg verkeleg vil bli lærar og om eg i det heile passar til å vera lærar…

Men no nærmar det seg praksis, og det gler (?) eg meg til… Gleda blir litt overskugga av denne oppgåva i matematikk som me skal ha i samband med praksis. Synest kanskje at det hadde vore betre om me hadde fått den i samband med neste praksis periode, slik at me kunne brukt denne perioden til å ”komme inn i” det og fått sjå korleis ting fungerer i praksis. Då har ein gjerne litt fleir ”knaggar” å henga ting på. Føler me blir litt ”overlessa” no…



Redigert 30/4-08:

Ja, no i ettertid kan eg verkeleg seie at god planlegging er alfa og omega i læraryrket, og det å sjå heilskapen og den einskilde elev er kjempeviktig! Det lærte me då me var ute i praksis. Det er mange ting å tenkje på når ein planlegg. Det er viktig å vere systematisk og målretta når ein planlegg, og til det arbeidet kan ein få god hjelp i den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal & Lieberg (Lyngsnes & Rismark, 2007, s 80). Den er inndelt i seks kategoriar: mål, innhald, læringsaktivitet, vurdering, læreføresetnader og rammefaktorar. Den er utforma som ei diamant for å vise at alle kategoriane er like viktige. Læreføresetnadene handlar om elevane og deira føresetnader; deira interesser og evner, kva dei kan frå før, har dei spesielle behov? og kva som er realistiske læringsmål for den einskilde. Kva er så målet for undervisninga, kva skal elevane lære? Det må me ha klart for oss når me planlegg. Korleis skal me så nå desse måla? Her kjem sjølve innhaldet inn, og det må stå i høve til måla. Korleis kan me sjå om me/elevane har nådd måla? Her brukar me ulike formar for vurdering for å analysere og reflektere over læring og utbytte av undervisninga. Læringsaktiviteten handlar om kva elevane og læraren skal gjere, sjølve aktivteten på læringsarenaen (tidl. kalla klasserommet). Vil vel og seie at organiseringa av undervisninga er eit viktig punkt. Korleis skal t. d. elevane sitje?, skal dei arbeide i grupper, individuelt eller i eit undersøkingslandskap? Her er mykje å ta omsyn til. Rammefaktorar er noko og som kan påverke undervisninga. Det kan vere klassestorleik, timetal, tid, rom, utstyr og oppdaterte lærebøker for å nemne nokre. Rammefaktorane tolkast i stor grad av læraren sjølv, og vil derfor variere. Då kan ein til slutt seie at læraren i seg sjølv er ein rammefaktor som har mykje å seie for undervisning og læring. Ein tenkjer då på læraren sine kunnskapar, haldningar, krativitet, forventningar og innsats.